27. des, 2016

Motgang kan gjere sterk, men det kan også gjere sliten.

"Livet vil teste deg igjen og igjen. Men husk på at det er når du går i motbakker at beina blir sterke."

Ja. Det er vel sant, det. Men av og til må eg stille spørsmålet: kor sterk skal eg eigentleg bli....? Helseplager som medfører smerter. Dei kjem på rekke og rad. Det eine oppå det andre. Å håndtere det, krever kontinuerlig mental jobbing med meg sjølv. Eg må heile tida vere bevisst på kva som skal få plass i tankane mine. For å greie å halde meg oppegåande, må eg fokusere tankane mine vekk i frå det eg kjenner på av fysiske plager og smerter. Mental jobbing på det planet er krevande, og eg er sliten. Eg er sliten, fordi dette har pågått i eitt år no. Det siste året har vore ein lang, samanhengande motbakke. Eg har kjempa og gått på, til tider pressa meg meir enn det som har vore bra for meg. Men eg har gjort det fordi eg så gjerne ville vere i den kvardagen som låg der til rette for meg. Til slutt vart det likevel nødvendig å ta ein kvilepause. Eg måtte stoppe opp i motbakken og ta ein kvilepause. Eg skulle kvile og finne nye krefter til å gå vidare. Det har ikkje blitt heilt slik, dessverre. Det har ikkje blitt slik, fordi i løpet av den tida som har gått medan eg har hatt kvilepause, har helseplagene endra seg. Og dessverre ikkje til det betre. Eg vil veldig gjerne avslutte kvilepausen og gå vidare. Eg vil veldig gjerne vere i den kvardagen eg var ein del av før eg måtte ta time-out. Eg ser at vegen vidare framleis er motbakke. Eg ser at det vil bli krevande å gå den. Eg vil veldig gjerne greie det. Men eg er usikker. Eg er usikker, fordi eg ikkje har funne nye krefter. Eg har i staden fått meir å håndtere. Og eg er sliten. Eg er psykisk sliten, og kroppen min er sliten. 

Det kan hende at det å gå for mange motbakkar ikkje gjer beina sterkare. Det kan hende at for mange motbakkar slit ut beina. Det kan hende det er ei grense for kva beina kan tåle. Det kan hende at for mange motbakkar gjer ein heilt utslitt ,og ikkje sterkare.

"Motgang gjer sterk"... Ja, kanskje til ein viss grad. Men kanskje er det ei grense for kva ein kan presse seg til? Og før ein veit ordet av det, har ein ikkje berre nådd grensa, men også gått over den? Motgang kan gjere sterk, men det kan også gjere sliten.