26. des, 2016

Så skjer det igjen. Eit menneske har gått bort.

Så skjer det igjen. Eg har fått melding om at eit menneske eg kjente, har gått bort. Eit menneske som var ein stor del av min barndom. Eit menneske som i ein lang periode av livet var ein god ven av mine foreldre. Eit menneske som var far til den første barndomsvenninna mi. At det skulle skje no, på denne dagen, 26. desember, 2. juledag - det rører verkeleg ved kjenslene mine. I dag, 26. desember 2016 er det nøyaktig 15 år sidan eg mista min far. Det er rart korleis livet, og slutten på livet, kan bli.

I kveld lar eg tårene komme. Litt fordi noko av mi "gamle" sorg vert rørt ved, litt fordi enno ein bit av min barndom på ein måte blir borte saman med dette mennesket som ikkje er blant oss lenger, men også fordi eg tenker på dei to som no har mista sin far. 

Eg kjenner på sorg, og eg lar tårene komme. Og eg sender varme tankar til dei to som har mista sin far, og til andre som stod han nær.