24. des, 2016

Eg velger å fokusere på det store biletet.

"Julen är her, och lyser frid på jorden, gleden är stor, i et barns klara ögon."Kul

Eg skulle gjerne hatt eit litt anna "utgangspunkt" for julefeiringa. Eg skulle gjerne ha følt meg litt friskare, hatt litt mindre 'vondter og plager'. Det hadde vore fint. Men no er det som det er. Eg har det slik som eg har det. Eg har "hjelpemiddel" som demper det verste. Og ut over det, så må eg ta eit valg om kvar eg skal ha fokuset mitt. Eg kan velge å kjenne på 'vondter og plager' og vere sur og lei for at eg ikkje føler meg friskare. Eller eg kan velge å fokusere på alt det andre, alt det som er "utanfor" meg sjølv og mine 'vondter og plager', alt det som blir fint og kjekt med julefeiringa. Eg kan velge å ha mindre fokus på meg og mitt, og heller fokusere på eit større bilete, eit bilete som handler om familiesamvær, store og små som er samla til julefeiring og har det kjekt saman. 

Slik er det. Det handler ganske mykje om å ta valg. Ta valg om kvar ein skal ha fokuset sitt. Eg veit sjølvsagt at dette ikkje alltid lar seg gjere for alle. Det er ikkje så enkelt for alle, alltid. Det veit eg, og har absolutt respekt for det. Men for meg, og mange andre, er det mange gongar slik at det er mulig å gjere eit valg. Det er mulig å setje kvardagen litt på pause, og fokusere meir på eit større bilete. Det er mulig for meg i dag, på sjølvaste julafta 2016, og eg har tatt valget om at i dag handler det om det store biletet, og ikkje om meg og mitt. Eg ser fram til julefeiring med mine.Kul

God julKul