21. des, 2016

Hald fast på det gode.

"Tek du opp i deg det vonde du møter kvar dag, visnar du. Men dersom du gjer noko for å sjå det gode, kan du ein dag koma til å bløma."

Me lever i ei verd med store kontrastar. Mange stader er det terror og krig, fattigdom og naud. Mange stader lever menneska under grusomme og umenneskelege forhold. Menn, kvinner og barn flyktar for livet. Mange rekk ikkje å flykte.Terror og krig tek mange liv. Fattigdom og naud tek også mange liv. Me, som lever i ein anna del av verda, kan ikkje sjå på fjernsyn og internett eller opne ei avis utan å sjå bilete frå det vonde som skjer i andre delar av verda. Me ser grusomme bilete av tilstander som er nesten hinsides vår fatteevne. EG kjenner at det gjer noko med meg. Det gjer meg vondt. Korleis det verkeleg er for dei som er i det, kan eg ikkje setje meg inn i. Men eg ser bilete av det på tv-skjermen min, og kan sjå at desse menneska lever under grusomme og umenneskelege forhold. Det gjer meg vondt å sjå.Og det skal det gjere. Eg kan godt kjenne på det. Eg vil ikkje distansere meg frå å kjenne på det. Det er det minste eg kan gjere for dei - å ha empati, og kjenne at det gjer meg vondt å vite at dei har det slik som dei har det. MEN...me som lever i ein del av verda der dei fleste av oss har det bra, må ikkje miste motet av å sjå og vite om all elendighet som skjer i verda. Me må ikkje la det gå sånn inn på oss at det "lammar" oss, gjer oss heilt motlause og triste. Me må halde fast på det gode. Det betyr ikkje at me ikkje ser og bryr oss. Det betyr ikkje at me snur ryggen til dei som ikkje har det like godt som oss sjølve. Me kjenner på at det gjer oss vondt å sjå bilete av krig og naud på tv-skjermen, på pc-skjermen, i avisene - men me må også halde fast på det gode. Me kan ikkje la det gode dø ut. Kva vil skje dersom det som framleis er godt her i verda berre dør ut? Kva slags verd vil det bli? 

Me må halde fast på det gode, samstundes som me bryr oss og kjenner på at det gjer oss vondt å sjå bilete og høyre historiar om alt det fryktelege som menneske andre stader i verda må oppleve. 

Hald fast på det gode, for utan det kan du ikkje vere noko for andre.