17. des, 2016

Mørke morgonstunder. Men eg greier å møte dagen, fordi eg vil.

Mørk morgon. Smerter. Ubehag. Sjukdomskjensle. Det er slitsomt. Det er så mange mørke morgonstunder.. Det er slitsomt. Det er ein kraftanstrengelse å bli klar til å møte dagen. Morgon etter morgon, dag etter dag, veke etter veke.... Sjukdomkjensle - å vere sjuk utan å vere sjuk. Så mange symptom, men ingenting stemmer. Internettsøking - på leit etter svar. Det hjelper lite og ingenting. Det stemmer ikkje. Ingenting som gjev eintydig svar. 

Så mange legekonsultasjonar. Gjentaking - presenterer dei same symptoma gong på gong. Vert møtt på ein god måte. Vert tatt på alvor. Tiltak vert utprøvd. Likevel går vegen snart tilbake til legekontoret - dei same symptoma vert presentert. Nye tiltak. Igjen og igjen. Det er slitsomt. Det gjer noko med psyken. Lege, legespesialistar, dei gjer det dei kan. Så mange symptom, men ikkje eit eintydig svar. Det gjer noko med psyken. Å føle seg som...ein hypokonder? 

Smerter, ubehag, sjukdomskjensle - det ER der. Det kjennes i kroppen, det ER der. Å vere sjuk utan å vere sjuk. Sjukdom må påvisast. Sjukdom må ha eit namn. Sjukdom må diagnostiserast. Sjukdom som ER der, som kjennes i kroppen fysisk, men som ikkje kan påvisast, som ikkje har eit namn, som ikkje er ein diagnose....å vere sjuk utan å vere sjuk. Det er veldig slitsomt. Det skaper frustrasjon. Det skaper negative tankar, tankar som seier nedsetjande ting om eigen person. 

Så menge symptom, men ingenting stemmer. Å vere sjuk utan å vere sjuk. Det er slitsomt. Det er fysisk krevande å fungere. Og det gjer noko med psyken - frustrasjon, kjenne seg så fryktelig, fryktelig lei - det skaper eit mørke, eit indre mørke. Mørk morgon - så altfor mange av dei no.

Det er slitsomt. Det er krevande. Ein kraftanstrengelse å komme i gang for å møte ein ny dag. Eg har greidd det lenge no. Eg greier det. Eg greier det fordi eg vil vere i det som kvar ny dag kan by på . Ein kraftanstrengelse - kvar morgon. Men eg greier det, fordi eg vil. Eg vil ta del i det som dagane byr på, det som livet byr på. Eg er sliten no. Eg er sliten og eg skulle gjerne ha fått eit svar på kva denne sjukdomskjensla er. Eg er sliten, men eg greier det likevel. Fordi eg vil.