15. des, 2016

Julegudsteneste for skuleelevar - slik eg ser det.

Den siste tida har det vore stadig nye avisoppslag om julegudstenester for skuleelevar, og korleis skulane prøver å finne løysingar med tanke på elevar med innvandrarbakgrunn. Me har lese om skular som vel å ikkje ha julegudsteneste. Me har lese om skular som vel vekk kjende og kjære salmar og julesongar. Me har lese om skular som nærmast sensurerer vekk ord for å skape nøytrale julegudstenester. 
I Noreg er det slik no at me har mange nasjonalitetar med tilhøyrande religionar blant skuleelevane våre. Me må ikkje gløyme kvifor dei har komme hit - mange av dei er ufrivillig drivne på flukt - og me skal behandle dei på ein god måte når dei er er her. 
Men kva skjer eigentleg når det vert gjort slike endringar i desse gudstenestene? Slik eg ser det, så nører det opp under framandfrykt og framandhat. Det nører opp under meiningane om at innvandrarar tek noko frå oss, at dei er viktigare og får meir goder i landet vårt enn det me som er nordmenn får.

Eg personleg kan ikkje seie at eg har eit sterkt og nært forhold til kristendommen og dei kristne tradisjonane. Men eg meiner likevel at det vert feil å gjere slike skulegudstenester heilt nøytrale. Eg syns at den norske kyrkja og det som høyrer til der skal få vere som det er. Det må vel vere mogleg å tilby eit alternativ til dei elevane som ikkje høyrer til den kristne trua og som ikkje ynskjer å ta del i det den norske kyrkja si julegudsteneste er? Me kan vel lære skuleelevane at nokre kjem til landet vårt med eit livssyn som gjer at dei treng eit anna opplegg enn det julegudstenesta i den norske kyrkja er? Handler det ikkje om å vise respekt for at ikkje alle er like? Eg trur at blant elevane sjølve er det ikkje så problematisk som mange av oss vaksne skal ha det til at nokre elevar i ein klasse vert tekne ut av klassen til eit anna opplegg enn å delta i ei tradisjonell norsk og kristen gudsteneste. 
Eg er absolutt for at me må vere medmenneske og ta vare på dei som flyktar frå terror og krig og kjem hit til landet vårt. Ei godt vaksen og veldig klok dame eg kjenner, sa det slik; "EG skal ikkje ta stilling til kven og kor mange som skal få komme hit, men dei som har komme hit skal me behandle som folk!" Ja, det skal me. Me må hugse på kvifor dei kjem. Me må hugse på at dei flyktar frå grusomme opplevingar, dei flyktar frå terror og krig, dei flyktar for livet. Dei flyktar frå ein situasjon som me knapt kan forestille oss. Det må me ikkje gløyme. Men eg syns også at den norske kyrkja skal få vere det den er, og at dei skuleelevane som har andre livssyn kan få eit anna tilbod dersom dei ikkje ynskjer å ta del i det som den norske kyrkja tilbyr. Å lage nøytrale julegudstenester for skuleelevane, syns eg  vert feil. Gje eit alternativt tilbod og la gudstenesta få vere som den er. Me skal behandle flyktningar og innvandrarar med respekt. Me skal også behandle den norske kyrkja og det den har av innhald med respekt. Er det ikkje mogleg å få til begge delar? På ein god og fredeleg måte? Eg berre spør, eg...Kul