14. des, 2016

Alle dagar er ikkje like.

Det er litt rart at sinnstemning, stemningsleie, humør kan vere så ulikt frå dag til dag. Og korleis det kan endre seg i løpet av ein dag. Av og til skjer det utan at ein kan finne nokon konkret årsak til det. Det har gjerne vore eit eller anna som har påverka utan at ein er bevisst på det. Kanskje noko eit anna menneske sa i ein samtale? Kanskje noko ein høyrde i radioen? Kanskje noko ein har sett i fjernsynet? Eller eit blikk og eit smil frå eit anna menneske? Kanskje slike ting påverkar oss utan at me er heilt bevisst på det? 

Sinnet vårt, sjela vår, kjenslene våre... Det er ikkje alltid me forstår det som skjer der. Og kanskje me ikkje treng å forstå alt? Kanskje me berre skal setje pris på dei gode dagane når dei kjem? Ta i mot dei og bruke dei for det dei er verdt? Vere i dei - her og no?

Sinnsstemning, stemningsleie, humør - det er kjensler, noko som lever inne i oss. Og det er ikkje alltid me forstår oss på dette indre livet. Men det er greitt, det. Det er greitt å ikkje forstå alt. Av og til er det mykje viktigare å setje pris på gode dagar, enn å "grave og rote" i det indre livet for å finne ei forståing. Det er i allefall min erfaring.🙂