12. des, 2016

Dagar der "Tenk positivt" ikkje har verdi.

Det kjem dagar der orda "Tenk positivt" ikkje har verdi. Dei to orda som dannar ein veldig kort setning som kan vere eit godt og viktig "verktøy"... Det kjem dagar då ein ikkje finn særleg meining i desse to orda. Det er ulike årsaker til at ein av og til opplever at "Tenk positivt" ikkje gjev meining. Det kan vere både smått og stort av opplevingar og hendingar som gjer at ein kjenner det slik. 

I dag våkna eg med ei "ny" helseplage. Ei helseplage som er heilt vanleg å oppleve av og til, for alle. Nokre sjukdommar skal vel kroppen gå gjennom i ny og ne😉 Ein sjukdomstilstand som ikkje er uvanleg å få, ein sjukdomstilstand som kjem til å gå over innan kort tid (håpar eg). Sånn sett, ei "bagatellmessig" helseutfordring, sett opp mot kroniske sjukdommar.

Men når eg i dag våkna og kjente at her er ei "ny" helseplage, og eg gjennom dagen opplever at dette "set meg tilbake" og hindrar meg i å gjere det eg har lyst til når eg no opplever betring av andre helseplager, så er orda "Tenk positivt" ikkje det som får størst plass i merksemda mi....! Eg kjenner meg frustrert og eg gjev meg sjølv lov til å tenke ut tanken om at livet er urettferdig. Eg gjev meg sjølv lov til å tenke tanken om at kvifor skal eg få så mange utfordringar, så mange motbakkar i livet? Eg gjev meg sjølv lov til å vere sint på livet, vere sint på omstendigheter, vere sint fordi akkurat eg har det slik som eg har det. Eg har behov for å gjere det. Eg har behov for å sleppe til negative tankar, ha dei negative kjenslene, vere i negativiteten - ei stund. Og det er viktig! Her er to ord som er viktig når ein velger å vere i negativitet; "ei stund!" For det kan vere ein fare med det også. Det kan vere fare for at ein viklar seg inn i altfor mykje negativitet, og ender opp med å rase heilt ned i eit mørke. 

Men for meg, i dag, var dette noko som var nødvendig. Og eg kunne gje meg sjølv lov til det, fordi eg visste at det var ein forbigåande reaksjon. Det var på ein måte kjensler som overvelda meg, men eg kunne også kjenne at "bremsene" var intakt. Eg kunne ta den sjansen det var å sleppe til og vere i negativitet, fordi eg kjente at eg har nok motstandskraft til å snu før eg vikla meg inn i noko som ville dra meg heilt ned i mørket.

Det kjem dagar der orda "Tenk positivt" ikkje har verdi. Og det er greitt. Det må vere lov å vere i negativitet av og til, kjenne på kjenslene, tenke ut tankane - det kan rett og slett vere nødvendig og kanskje sunt? Men ein må passe på at ein greier å snu før ein viklar seg inn og ned i mørket. 

Dagens negativitet for meg, har eg komme over. Eg likar ikkje å kjenne at det er sjukdomstilstand som bestemmer over aktivitetsnivået mitt, men eg er ferdig med dagens negativitet og prøver å akseptere; "Javel. I dag er eg sjuk og må ta det som det er. Slik er det berre."