10. des, 2016

Nyt når du kan. Hold ut når du må.

Livet er enkelt, men det er ikkje alltid lett. J.W. Goethe skal ha sagt: "Nyt når du kan, hold ut når du må."

Ein kort setning med ni små ord som seier alt. Det er dette som er essensen i livet. Er det ikkje?

Livet går ikkje berre rett fram. Alle møter motbakkar, brå svingar og vegkryss på livsvegen sin. Me vil alle møte utfordringar og vanskar i løpet av livet. Det vil vere av ulik grad, og korleis det påverkar og grip inn i livet vil vere individuelt. Me møter og går gjennom utfordringar og vanskar ut i frå dei forutsetningar me har som det mennesket me er. Det fins ingen absolutt fasit på slikt.

Når me møter vanskar på livesvegen vår som føles altfor store, kanskje heilt uutholdelige.... "hold ut når du må." Når livet føles så vanskeleg at det er på grensa til det uutholdelige, må me fokusere energien vår på å holde ut. Me må holde ut, fordi det kjem til å snu. Det blir betre igjen. "Ta tida til hjelp" er også ein kort setning som med få ord seier noko viktig og sant. Tida går, den. Den stoppar ikkje. Og som regel, for dei aller flest av oss, vil kjenslene våre endre seg med tida. Kjensler som er knytta til livsutfordringar, vil endre seg med tida. Dei mister styrke. Og me ser annleis på ting når vonde kjensler mister styrke. Me kan gå vidare. Me må holde ut, fordi det kjem til å gå over. For dei aller fleste av oss. "...hold ut når du må."

"Nyt når du kan"... Gjer me det? Ein skulle tru at det var lett. Å nyte det som som er fint og godt i livet. Det må jo vere lett å nyte noko som føles godt! Eller...? Me menneske har ein tendens til å ha altfor mykje merksemd på vanskane våre. Tankar og merksemd på vanskar som eigentleg ligg bak oss, og på vanskar som kan komme. Men dersom me lever livet med merksemda vår på det som ligg bak oss og det som kan komme, vert det lite plass igjen til å ha merksemd på det som er no. Når me er på ein stad i livet der det faktisk er bra og godt å vere, vil me gå glipp av så mykje dersom merksemda vår er på det som ligg bak oss og det som kan komme. Det som ligg bak oss kan me ikkje endre. Hendingar og utfordringar i fortida kan me ikkje endre. Hendingar som kan komme, veit me lite eller ingenting om. Det er framtida. Fortid er fortid og framtid er framtid. Det er no me skal leve. Når me er på ein god stad i livet, må me tillate oss å nyte det. Når livet legg til rette for det som er fint og godt, må me tillate oss å vere i det og nyte det. Utfordringar og vanskar vil komme. Livet går ikkje berre rett fram. Og nettopp difor er det så viktig å nyte når me kan. Så enkelt og så vanskeleg - livet er enkelt, men det er ikkje alltid lett.

"Nyt når du kan, hold ut når du må." (J.W. Goethe) Kul