5. des, 2016

Ein dårleg dag med ein fin avslutning.

Ein dårleg dag i dag også! Det var det eg kjente på og tenkte då eg stod opp i dag. Smerter i ansiktet, hodepine, stram og vond muskulatur i nakken og skuldrane - kjensle av å ha ei stålplate frå nakken og nedover mot ryggen. Ein dårleg dag. Eg orkar ikkje å gjere noko når eg har desse smertene. Eg får berre halde meg i ro og prøve å slappe av. Det var det eg tenkte. Og slik vart det. MEN SÅ! Etter ei stund fekk eg henta fram litt meir fornuftige tankar. Eg tenkte: "kroppen treng å få røre på seg. Den stramme og vonde muskulaturen i nakken treng å få bli brukt. Eg må faktisk komme meg ut på tur. Ein lett og kort luftetur kan eg greie til tross for smerter og hodepine." Det tenkte eg, og så gjorde eg det. "Berre gjer det! Kom deg ut!" Ein lett og kort tur... det var planen. Det vart forsåvidt ein kort tur. Men ikkje ein slik lett tur som eg hadde plan om. Eit spontant innfall leia meg til ein opptur. Eg valgte å prøve meg på ein fjelltur. Ein kort tur, men ikkje direkte lett for meg, kan du sei...😋 Eg valgte å gå på opptur, oppover til litt over 200 m.o.h. Eg var inne på tanken om å stoppe og gå ned igjen etter å ha komme eit stykke opp. Ei stund kjentes det ut som at blodårene skulle "poppe ut" av hovudet mitt... då var eg inne på tanken om å gje meg. Men eg stoppa og tok ein kort pause, slik at kroppen fekk roe ned litt, og så kunne eg fortsette. Og eg greidde å komme til toppen.

Når eg kom heim og sette meg godt til rette i go'stolen min, kunne eg kjenne at muskulatur i nakke/skuldrar/rygg var mindre stram og vond.

"Ein dårleg dag i dag også!" Det var det eg kjente på og tenkte då eg stod opp i dag. Ja..dagen starta kanskje med eit dårleg utgangspunkt. Men eg greidde å snu det til at eg no, når kvelden har komme, kan kjenne på mestringskjensle. Eg greidde å sleppe til fornuftige tankar og skyve vekk dei negative tankane. Eg greidde å "ta grep" og utfordre meg sjølv og smertene mine. Eg greidde å gjennomføre noko langt meir krevande enn det eg sjølv meinte var best. Eg greidde det, og eg fekk belønning i form av mindre smerter enn før eg gjorde det. Fysisk aktivitet, altså! Ut og gå i den fine naturen! Frisk luft, fint naturlandskap, få liv i kroppen, la den få røre på seg. Den treng det. Og ikkje minst; la tankane få lufte seg - ute. 🙂 Som regel er det slik at kroppen greier meir enn me trur når 'vondtene' herjar. Ikkje alltid. Det finnes 'vondter' som ein ikkje skal presse. Men mange av dei 'vondtene' ein del av oss har, tåler å bli utsatt for litt press. Og veldig ofte vert faktisk ' vondtene' betre når me rører litt på oss. Slik er det faktisk, og eg snakkar av eigen erfaring. 🙂