4. des, 2016

Å leve er ikkje nok. Kva gjer du med den tida du har?

 "Å leve er nødvendig, men neppe nok." Dette er eit sitat av professor og retorikar Georg Johannesen.

Kva er det å leve? Å leve livet. Kva er det å leve livet? Kva er det livet handler om? "Å leve er nødvendig"... å ikkje leve, i heilt konkret betydning, er å vere død. Å leve, i konkret betydning, er å ha eit hjarte som slår, at ein kan puste, at indre organ fungerer - å vere i live. Men det "er neppe nok"...

Me treng meir. Me treng innhald i livet. Me treng å fylle livet med innhald. Me treng å ha noko å gjere. Me treng relasjonar til andre menneske. Me treng å fylle livet med noko som gjev oss meining og som får oss til å kjenne at livet har verdi.

Gjer me det? I dagens travle og hektiske samfunn - gjer me eigentleg det? Korleis brukar me tida vår? Brukar me den på ein måte som er til det beste for oss og dei menneska me har rundt oss til dagleg? Tek me oss tid til det som faktisk er til det beste, eller har det blitt slik at me haster avgårde gjennom livet for å fylle forventningar som dagens samfunn har lagt opp til?

Eg er på mange måtar veldig heldig. Eg har ein livssituasjon med stor grad av fridom. Eg har fridom til å sjølv velje innhald i ein god del av tida mi. Og eg forstår sjølvsagt at ikkje alle har den fridomen. Eg har ikkje barn, men eg forstår at til dømes småbarnsforeldre har det travelt og hektisk i dagens samfunn. Eg forstår det, eg veit det og eg ser det. Og eg har full respekt for det. Eg respekterer og beundrer den måten småbarnsforeldre får logistikken til å "gå opp."

Men... Som ein utanforståande med fridom til å bruke tida på ein måte som gjev meg påfyll, spør eg; har det blitt slik i dagens samfunn at mange "berre lever" - at livet handler om logistikk, haste frå det eine til det andre, gjere det som er "korrekt" og forventa? Har det blitt slik at mange ikkje fyller livet sitt med det som eigentleg gjev meining og verdi?

Eg får lyst til å gje ei utfordring - ei oppgåve. Dersom DU som er småbarnsmor/småbarnsfar, ei kveldsstund (når barnet/barna søv) set deg ned med penn og papir, går gjennom det som er ei vanleg veke for deg - dag for dag, time for time - og ser på kva du faktisk brukar tida di på gjennom ei vanleg veke, ser på korleis du brukar tida, får det ned på papiret, på detaljnivå... Kva ser du då? Det er sjølvsagt at jobb tek mykje av tida, og slik må det vere. Det er nødvendig. Nattesøvn tek også ein god del av tida. Det er også nødvendig. Men alle dei andre timane? Dei timane du ikkje jobbar og ikkje søv? Kva brukar du dei til? Korleis brukar du dei? Og kven brukar du tida di på?

Kor mange timar får barnet/barna dine? Kor mykje tid brukar du på å vere saman med dei, å verkeleg vere saman med dei, ha kvalitetstid (ikkje berre i bilen på veg til og frå det eine og det andre)?

Kor mange timar får den personen du lever og bur saman med? Kor mange timar er du faktisk saman med din livsledsager, verkeleg ER saman med han/henne, har kvalitetstid saman, berre de to?

Og kor mange timar brukar du på deg sjølv? Kor mange timar brukar du på å gjere det som er viktig og bra for DEG, som gjev deg påfyll? Kor mange timar brukar du på å ta vare på deg sjølv også?

Er dette eit håplaust reknestykke? Eg har ein livssituasjon med stor grad av fridom, og eg kan ikkje setje opp eit slikt reknestykke. Er det eit reknestykke som ikkje er mulig å få til?

Er det ikkje mulig å finne timar til å ha kvalitetstid med barna, ha kvalitetstid med din livsledsager, ha kvalitetstid for deg sjølv? Er det heilt umulig, eller går det an å gjere noko for å bruke tida litt annleis? Går det an å prioritere annleis? EG kan ikkje setje opp eit slikt reknestykke. Det er difor eg spør; er det eit reknestykke som ikkje er mulig å få til?

Å leve er ikkje nok. Me treng innhald i livet. Me treng noko som gjev livet meining og verdi. Me treng relasjonar til andre menneske. Me treng kvarandre. Me kan ikkje gjere noko med tida. Me har dei timane me har i løpet av ein døgn. Men me kan gjere noko med korleis me brukar tida. Ikkje alle har like stor fridom til å velje korleis tida kan brukast, men går det an å endre litt på noko?

Kanskje førjulstida, som me no er inne i, er eit fint høve til å både tenke og sjå litt nærare på korleis me brukar tida vår? Kva, og ikkje minst; kven, er det me brukar tida på? Og er det slik me vil ha det, eller vil me helst bruke tida annleis? Kan me det?

Kan DU gjere noko med måten du brukar tida di på for å auke kvaliteten i livet, både for andre og for deg sjølv?