1. des, 2016

Eg veit og eg kan. Eg kan, i teorien.

Eg veit kva som er lurt å gjere. Eg veit kva som kan fungere. Eg veit kva som er bra. Eg har metodar og verktøy som kan vere nyttige å bruke. Eg veit og eg kan. Eg kan, i teorien. I teorien kan eg håndtere nedstemhet og depressive kjensler. Eg kan liste opp tiltak som kan vere til hjelp. Eg kan det så godt at det gjev meg indre stress og uro. Og kvifor er det slik? Det veit eg også. Å kunne "alt" og ikkje vere i stand til å bruke det... alle gode metodar og verktøy som kan fungere, som er bra, som kan vere til hjelp, ei liste med gode tiltak... Å kunne "alt" og ikkje vere i stand til å bruke det, skaper indre stress og uro. Eg kan, og eg veit at eg BURDE...

Eg er sikker på at mange har kjent på kva som skjer med kjenslene når ein held på med BURDE-meldingar til seg sjølv...? Og spesielt når ein opplever at ein ikkje har kapasitet til å BURDE. Det vert ikkje gode kjensler av slikt. Eg er sikker på at mange byrjar å snakke nedsetjande til seg sjølv når dei veit at dei BURDE men ikkje har kapasitet til å utføre det. Og kva skjer når ein snakkar negativt til seg sjølv? Det vert ikkje gode kjensler av det heller. Og før ein veit ordet av det, har ein komme inn i den onde sirkelen.

Tungsindig/nedstemt -> Eg burde, men eg greier ikkje -> Negative meldingar til seg sjølv -> Forsterkar tungsinn/nedstemhet.  #Den_onde_sirkelen

Eg har lese eit sitat som gav ei god skildring av kva depresjon er. Det var på engelsk, og eg hugsar ikkje kven som har sagt det. Men eg hugsar innhaldet, og oversatt til norsk vert det omlag slik: Depresjon er som å vere i fengsel, der du er både den onde fangevoktaren og det torturerte fangeofferet.

Eg veit. Eg kan. Eg kan, i teorien. Men nokre dagar er det for mykje skodde i det indre landskapet. Nokre dagar kan eg ikkje, sjølv om eg veit, og kan i teorien.