28. nov, 2016

Fysisk aktivitet. Trim eller trening?

Fysisk aktivitet. Trim. Trening. Er det skilnad på trim og trening? Og i så fall, kva er skilnaden? Eg er langt i frå ekspert på området, men det handler kanskje om kor høg intensitet den fysiske aktiviteten har?

TRENING! "Du må begynne å TRENE."  Er det ordet i seg sjølv som gjer at mange vert litt motlause, berre av å få ein slik beskjed? Eg trur at mange har eit bilete av kva det er å TRENE - treningsapparat, spinningsykkel, treningssal, gruppetrening, høg musikk, høgt tempo, tøffe, moderne, fargerike treningstights og treningstoppar (som kanskje ikkje passar for alle kroppar). Eit slikt bilete av trening er jo ikkje heilt feil. Det finnes jo slike treningsformar, og det finnes folk som syns det er heilt topp å delta på dette. Men for mange vert det for overveldande. Og spesielt dersom ein har vore inaktiv i mange år. Eg trur at ordet TRENING i seg sjølv, kan få mange til å mistet motet og tenke at dette vert for vanskeleg. Men for eit menneske som har vore inaktiv i mange år og er i dårleg fysisk form, kan t.d. ein rask gåtur i 20-30 min. vere TRENING. Fordi det vil vere nok til å få opp både puls og pust. Dette må sjølvsagt gjerast jamnleg dersom det skal ha ein effekt på kropp og helse. Men dersom du har vore inaktiv i mange år og er i dårleg fysisk form, kan slike gåturar vere ein start. Og det er TRENING! For deg er det TRENING!👍 Og du kan gå kledd som du vil, utan å tenke på at ho eller han som står attmed deg i treningssalen er kledd i det siste nye og moderne av treningsklede😉

Dersom du likevel syns at TRENING er eit ord som gjer deg motlaus, så ta deg ein TRIMtur, då vel. Tenk at du skal TRIMME litt. Gå ein tur i det tempo du føler for i 20-30 min. Det kan vere ein start. Fysisk aktivitet handler om å røre på seg. Fysisk aktivitet handler om å bruke kroppen, la kroppen få røre på seg. Og litt er betre enn ingenting.

Fysisk aktivitet. Trim. Trening. Kva passer for deg? Vil du TRIMME, eller vil du TRENE? DU bestemmer😉 Fysisk aktivitet handler om å la kroppen få røre på seg, og den enkelte må gjere det ut i frå dei forutsetningane ein har. Og det er aldri for seint å starte. Så lenge du har ein kropp som KAN røre på seg, er det aldri for seint å starte.

-Start where you are. Use what you have. Do what you can. (Theodore Roosevelt) 🙂