28. nov, 2016

Ting skjer. Livet skjer. Helsa endrer seg. Nytt vegvalg?

Ting skjer. Livet skjer. Ting endrer seg. Livet endrer seg. På ulike måtar.

Må eg endre retning no? Eg lurer litt på det. Ting skjer og livet skjer, og helsa kan endre seg. Den kan endre seg både psykisk og somatisk. For meg er det nytt at den somatiske helsa endrer seg så merkbart. Den psykiske helsa mi kjenner eg. Eg kjenner den godt. Eg har lært meg å leve med den. Det høyres kanskje lett ut når eg skriv det slik. Det er det ikkje. Eg har perioder der den psykiske helsa mi får tilbakesteg. Nedturar som føles like tunge som dei har gjort tidlegare i min lange sjukdomshistorie. Men eg kjenner den psykiske helsa mi, og eg veit kva som skal til for å komme gjennom nedturane og "opp til overflaten" igjen. Eg har gjort det mange gongar. Eg har fått hjelp til å bli kjent med den psykiske helsa mi, og eg har fått hjelp til å finne "verktøy" og metodar som får meg gjennom det. Det er heller ikkje lett. Eg veit og eg kan, men kjensler kan bli veldig sterke. Så sterke at eg nesten mister evna til å vere rasjonell. Då er det godt å ha eit hjelpeapparat som er nært. Det er godt å ha tilgang til ein kontaktperson som kan støtte og hjelpe med å få tak i det rasjonelle igjen. Og det er godt å ha ein fastlege som kjenner meg godt, og som er tilgjengelig når krisekjenslene kjem. Menneske i hjelpeapparatet og i helsetenesta generelt som tek meg på alvor. Som ser meg og som ser for meg når eg mister litt grepet om det rasjonelle.

Den somatiske helsa mi har eg aldri hatt særskilt store sjukdomsutfordringar med. Litt småplager av og til. Eg har vore heldig og hatt lite somatisk sjukdom.

No skjer det endringar i den somatiske helsa mi. Kroppen min har fått sjukdomsteikn som er heilt nye for meg. Sjukdomsteikn som er såpass dominerande at det påverkar kvardagen min i ganske stor grad. Må eg endre retning no? Eg lurer litt på det. Eg greier å la vere å gruble. Heldigvis. Eg har lært meg å ta meir styring over tankane mine. Dessutan er det for tidleg å ta stilling til om eg må endre retning. Men eg tenker litt på det. Når kroppslege sjukdomsplager er såpass dominerande, så tenker eg litt på om det betyr at må eg endre retning.

Eg får ikkje svar på det no. Eg må bruke litt tid, og ta ting i riktig rekkefølge. Og eg har fagpersonar rundt meg som kan veilede og gje råd. Som kan hjelpe meg gjennom vurderingar. Eg må ta ting i riktig rekkefølge, steg for steg, og ha fagpersonar med på laget som rådgjevarar. Eg har ikkje lyst til å endre retning. Eg har lyst til å fortsette på den vegen eg no har funne. Eg håpar at dei somatiske sjukdomsteikna kan håndterast på ein måte som gjer at eg kan gå vidare framover på den vegen som eg no har funne. Det er det eg har lyst til. Eg likar å gå på den vegen.🙂