25. nov, 2016

Eg har fått ei forklaring. Eg har fått eit svar.

I dag har eg fått ei forklaring. Eg har fått eit svar på kva det handler om. Ein diagnose som eg helst skulle ha vore foruten. Men å gå frå langvarige, udefinerbare smerter til å få eit svar på kva det er og at det er mulig å få dempande og lindrande behandling...... Akkurat i dag, når eg har fått vite og fått starta opp med behandling, er det kjensla av å vere letta som dominerer.

Ei kraftig forverring av smertetilstanden min, det var det som måtte til for å tydeleggjere udefinerbare smerter. Det var det som måtte til for å forstå. Fastlegen min forstod. Han forstod, og kunne gje behandling.

Eg er i ein forsiktig startfase av behandlinga, men eg kjenner allereie ei endring. Eg kjenner ei lita endring i smertenivået - i riktig retning. Eg kjenner meg letta, og eg tør å kjenne på eit lite håp om at dette skal hjelpe meg til å ha mindre smerter.

Fredag kveld. Og eg kan gå inn i helga med ei kjensle av å vere letta. Smertefri er eg ikkje. Men eg er i gang med behandling og eg kjenner allereie ei lita endring i positiv retning. Ein diagnose... Ein diagnose eg helst skulle ha vore foruten. Men no er det slik som det er, og det finnes behandling som kan hjelpe meg. Fredag kveld. Og eg går inn i helga med ei kjensle av å vere letta og eg tør å kjenne på eit lite håp. Det er fint. Det er godt nok for meg, det. Her og no er det godt nok. Kva eg kan komme til å møte på vegen vidare framover, kan eg ikkje vite. Og i kveld er ikkje tankane mine så opptekne av det. I kveld er eg mest letta. I kveld er det her-og-no som dominerer for meg. Og kveldens her-og-no kjennes OK. Det er godt nok, det. For meg er det godt nok.🙂

God helg til deg som les dette🙂