25. nov, 2016

Å gje seg på tap treng ikkje å bety eit endeleg nederlag.

 

Av og til vert det slik at ein berre må erkjenne at det finnes begrensningar for kva ein kan greie. Ein må erkjenne sine egne begrensningar.

"Å gje seg på tap." Velkjend uttrykk, som me ofte brukar når det er noko me har prøvd å få til, men ikkje greier. Det kan opplevast som nederlag. Som uttrykket skildrar det; me har tapt mot ei oppgåve, ei utfordring, eller liknande. Eit tap i denne meininga, vert gjerne assosiert med å ha gått på eit nederlag. Men det er ikkje alltid eit nederlag å gje seg på tap. Ja, ein har tapt dette her og no. Det ein ville få til lot seg ikkje gjere - her og no. Men eit slikt tap er ikkje nødvendigvis eit nederlag. Fordi eit slikt tap treng ikkje å vere endeleg. Å gje seg på tap, fordi ein må erkjenne at ein har begrensningar akkurat no, det er ikkje eit nederlag. Mange bergensningar er gjerne midlertidige. Som til dømes somatisk sjukdom - heilt normal, somatisk sjukdom som ei influensa - er du influensasjuk, vil det begrense deg i aktivitetsnivå. Gjeremål og aktivitetar som du elles greier, lar seg ikkje gjennomføre med sjukdom i kroppen. Du kan ville og ha lyst, men til slutt vil kroppen kreve å få ro og kvile. Du må gje deg på tap. Men det er ikkje eit endeleg tap. Og då er det heller ikkje eit nederlag å ikkje kunne delta på det du vanlegvis deltek på. Å gje seg på tap når ein er sjuk, det er å akseptere. Å gje seg på tap når ein er sjuk, er å gje seg sjølv omsorg. Og ein vert jo frisk frå influensaen igjen. Og då kan ein halde fram som før, og mestre oppgåver og utfordringar i kvardagen igjen.

Det finnes også andre begrensningar - litt på same måte, men mindre konkrete. Av og til kan ein oppleve å bli psykisk sliten - mentalt sliten. Det er ikkje berre somatisk, målbar sjukdom som kan begrense. Av og til må ein gje seg på tap, fordi psyken gjev signal om at no er den sliten, tom for energi og overskudd. I slike situasjonar kan det vere enno lettare å kjenne på det som nederlag. EG syns ikkje det skal vere slik. (sjølv om eg fort kan få den kjensla når eg kjem i ein slik situasjon.) Det er lov å gje seg på tap når psyken gjev signal om at den er sliten. Ikkje alt kan målast i feber og på blodprøvar. Å gå på akkord med ei psykisk helse som vert meir og meir sliten, kan faktisk få langvarige og alvorlege konsekvensar. Å gje seg på tap i slike situasjonar, er heller ikkje nederlag. Det er å ta seg sjølv på alvor, og det er å ta vare på seg sjølv. Å vere psykisk sliten treng heller ikkje bety at ein har gått på eit endeleg tap. Det kjem sjølvsagt litt an på... det er mange ting som kan spele inn, og det er individuelt. Nokre av oss har diagnosar som gjer oss meir sårbare for å bli psykisk slitne. Men alle kan bli psykisk sliten.  Alle har ei psykisk helse.  Alle har ei psykisk helse som kan bli sliten, også utan å ha, eller få ,ein diagnose. Det som er viktig, er å kjenne den psykiske helsa si, og finne ut av kva som gjer at den vert sliten. Og veit de kva som er så bra? Det er så bra at det er mulig å drive med styrketrening for den psykiske helsa også! Psykisk styrketrening. Mental trening. Eg går ikkje nærare inn på metodar og måtar akkurat her og no. Men poenget mitt med å ta det med, er at å gje seg på tap når psyken gjev signal om at den er tom for overskudd, det er ikkje nødvendigvis eit endeleg tap. Det er ikkje nødvendigvis eit nederlag som betyr at no er det stopp for alltid. Når du kjenner deg sjølv og psyken din, og kan identifisere kvifor den vert sliten, kan du også trene deg opp igjen til å komme tilbake. Komme tilbake, halde fram som før og mestre oppgåver og utfordringar i kvardagen igjen. Men først  må du gje deg sjølv og psyken din lov til å få den ro og kvile som er nødvendig. Og deretter må du gje deg sjølv lov til å prioritere det som gjev deg mentalt og psykisk påfyll. Og så kan du styrketrene deg mentalt og psykisk tilbake til kvardagen.🙂

Å gje seg på tap er ikkje nødvendigvis eit endeleg tap. Å gje seg på tap er ikkje nødvendigvis eit nederlag. Å gje seg på tap kan vere å erkjenne og akseptere egne begrensningar, akkurat her og no.