21. nov, 2016

Oppskrift på endring - så lett, men likevel så vanskeleg.

"Du er så flink. Korleis greier du det? Har du ei oppskrift?"

Dette er setningar eg får høyre av og til. Og gjerne spesielt knytta til det at eg er mykje ute og går på tur. "Du er så flink!" Ja, eg er kanskje det. Med tanke på korleis mitt forhold til fysisk aktivitet og turgåing var tidlegare, så er eg kanskje flink no. Eg har jo alltid sagt at eg er fødd makelig anlagt. Det er liksom eit litt finare uttrykk enn å seie rett ut at ein er lat. Så når eg no har gått frå eit absolutt minimumsnivå av fysisk aktivitet til å vere ute og gå (og til og med småjogge av og til) fleire gongar i veka, så forstår eg at ordet "flink" vert brukt.😉Og det er på sett og vis riktig. I starten var eg kanskje flink. Eg var flink fordi eg greidde å presse meg sjølv ut på tur når eg eigentleg helst ville synke godt ned i go'stolen. Og veit de kva som skjedde når eg hadde vore "så flink" ei stund? Eg fekk belønning! Ikkje som i konkret premiering, men i form av at eg fekk erfare og oppdage gleda av å vere meir ute og i aktivitet! 🤪Ja, eg var kanskje flink - i starten. Men no gjer eg det fordi det er lystbetont. Eg er ikkje "så flink" - eg treng ikkje å vere "så flink" - eg treng ikkje det, fordi eg gjer det av lyst! Eg har lyst til å vere ute og gå på tur!👍🙂

"Korleis greier du det? Har du ei oppskrift?"

Tja... oppskrift...veit ikkje heilt, eg. Men det handler om å våge. Det handler om utfordre seg sjølv. Det handler om å våge å finne ut av kva er det eigentleg som hindrar deg i å ta steget vidare frå "eg skulle ønskje" til "eg vil og eg skal".... Kva er det eigentleg som hindrar deg i å omgjere "skulle ønskje" til aktiv handling? Kan du finne svar på det? Og kan du utfordre deg sjølv på det svaret du kjem fram til?

Ein anna ting som også er nødvendig, er å kunne legge bak seg det som faktisk er bak deg. Å kjempe og sloss med fortida, er frykteleg energikrevande. Og så lenge det er den kampen som får all energien din, er det jo ikkje så rart at du ikkje orkar å omgjere "skulle ønskje" til aktiv handling.... 😥

Så dersom eg skal gje ei slags oppskrift på korleis eg greier det, korleis eg har greidd å endre på ein del ting i livet mitt, så må det bli noko slikt:

*Våg å ta tak i livet ditt og gjer det som er nødvendig for å legge bak deg det som faktisk er bak deg. Søk hjelp dersom du meiner at det er nyttig, eller berre bestem deg for at nok er nok, dersom du føler at du kan greie det.

*Våg å bli betre kjend med deg sjølv; kva er det eigentleg du vil og kan, og kva er det som hindrar deg i å gjere det.

*Slutt å tenke og seie at du skulle ønskje, og begynn med å tenke og seie at det vil eg og det skal eg. For nokre kan det vere nyttig å sjå for seg; "kva er det verste som kan skje dersom eg".... Og som regel er ikkje det verste som kan skje noko som er direkte farleg....!

Hemmeligheten bak endring er å konsentrere energien på å byggje opp det nye, i staden for å sloss med det gamle. (sitat Socrates)

Så lett, men likevel så vanskeleg.