16. nov, 2016

Tur som avledning - det funker for meg.

Ein roleg og forsiktig tur i skumringstimen i dag, etter tannlegebesøk og trekking av visdomstann litt tidlegare på dagen. Effektiv, rask og smertefri tanntrekking. Ikkje heilt smertefritt når bedøvelsen etterkvart gjekk ut. Og nettopp difor tenkte eg at var betre å vere ute på tur enn å setje seg til heime og berre kjenne på at det er sårt og vondt etter trekking av tanna. Det var dette her med avledning og fokus igjen, då😉Og det overraskar meg ikkje at eg også i dag kan skrive at det fungerte 🙂

Litt smertestillande til kvelden og ei god natts søvn, så tenker eg at både visdomstanna og smerte i såret vil "gå over i historien." 😉🤩