16. nov, 2016

Ein "bitteliten" merkedag for meg. Og kan eg, så kan du!

16. november 2016. Ein "bitteliten" merkedag for meg. På denne dagen, akkurat i dag, har eg vore røykfri i 50 dagar🙂 Dette er mitt andre forsøk på å legge vekk sigarettane for godt. Forrige gong eg prøvde, var eg nok i overkant tøff og tenkte at dette skulle eg berre greie. Men det vart for vanskeleg. Denne gongen ba eg fastlegen min om hjelp for å få det til, og ved å bruke røykeavvenningstablettar har det gått mykje betre enn i forrige forsøk. Desse tablettane er ikkje nokre "trylletablettar" som gjer at det går lett som ingenting. (akkurat som antidepressiva ikkje er lykkepillar som gjer livet til ein leik😉) Men røykeavvenningstablettane har ein effekt som gjer at det vert litt lettare å greie seg utan sigarettane i ein overgangsfase. Eg skal ikkje gå inn på det medisinske om akkurat korleis dei har effekt, for det kan eg langt i frå nok om. Mitt råd er: snakk med fastlegen din om røykeslutt dersom du ynskjer å slutte og syns det er veldig vanskeleg å få til. 

Sjølv om tablettane har ein effekt som gjer det lettare å halde seg vekke frå sigarettane, så krev det sjølvsagt noko av meg òg. Eg er usikker på om eg ville hatt nytte av dei dersom eg ikkje var motivert for å slutte i utgangspunktet. Og eg må jobbe med meg sjølv for at dette skal fungere. Eg må ha vilje til å verte røykfri. Eg må ha vilje til å akseptere og møte utfordringar som oppstår når kropp og psyke ikkje får nikotin lenger. Eg må gjere om litt på nokre vanar som tidlegare var knytta til røyking. Og eg må bruke viljestyrke. Sjølv om eg er motivert og vil  slutte med sigarettane for godt, så har eg ikkje slutta å tenke på røyking. Så langt i prosessen, kan eg ikkje seie at eg har vore direkte frista til å byrja igjen å røyke. Eg har nok kjent litt på lyst til å ta meg ein røyk -  tenkt tanken om at "no hadde det vore godt med ein røyk." Og slik vil det nok vere framover også. Men viljestyrken har vore sterkare enn lyst på og tankar knytta til røyken. Og eg er bevisst på at viljestyrken er noko eg må jobbe kontinuerlig med. Det vert litt som med trening; for å halde musklane sterke, må ein trene jamnt og trutt🙂

Veldig mange er redde for å legge på seg dersom dei sluttar å røyke. Eg har ikkje kunnskap om kva som skjer i kroppen med tanke på dette, men eg har lese at ein kan forvente vektøkning. Noko av årsaka til det har med forbrenning å gjere, etter eg har forstått, og så kan det vere at ein får økt matlyst når røyken er vekke. Men dette kan eg altså ikkje nok om til å skrive så mykje meir om. Men eg veit ut i frå det andre har fortalt, at det er lett for å erstatte sigarettane med mat og/eller søtsaker. Det eg kan seie om mi erfaring med dette, er at eg ikkje har opplevd noko særskilt behov for å erstatte røyken med andre ting. Mi lyst på t.d. søtsaker er akkurat like stor som før😉Men basert på det eg har lese og det andre som har slutta å røyke har fortalt, så var eg veldig bevisst på dette då eg gjekk inn i røykesluttprosessen. Eg var bevisst på at det kan vere lett å erstatte sigarettane med mat og/eller søtsaker. Men min motivasjon for å halde meg på eit akseptabelt vektnivå, har gått parallellt med motivasjonen for å bli røykfri. For det er faktisk mulig å greie begge delar. Det har det (så langt) i allefall vore for meg. Eg har faktisk greidd å halde vekta på det samme som før eg låg vekk sigarettane.

Men det er eit tal til som gjer dette til ein "bitteliten" merkedag for meg. På denne dagen, akkurat i dag, 16. november 2016, har besøksteljaren på heimesida mi passert 60 000. Heimesida mi har i dag passert 60 000 enkeltvisningar. Eg er ikkje så oppteken av at dette talet skal verte så høgt i seg sjølv. Men det gjev meg jo ei stadfesting på at det eg deler vert sett og lese og har interesse for andre. Eg håpar også at nokre kan finne nytte i det, finne litt støtte i gjenkjenning og finne håp i sjå at det har vore mulig for meg å komme opp og fram sjølv om eg har ein psykisk diagnose. Det er mulig, og det nyttar! 🙂 Det vil ta tid. Ting Tar Tid. Kor lang eller kort tid det tar, er individuelt. Men det er mulig. Og det nyttar!🙂