14. nov, 2016

Tanke og tolkning vs realitet

Ein kort kveldstur i mørket. Frisk luft, røre litt på seg, få fart på blodomløpet, bli litt andpusten - det var ei god oppleving. Den siste tida har eg kjent meg konstant trøtt, og opplevd at eg kunne ha sovna "kortid som helst." Eg har hatt oppleving av at kroppen ikkje ville greie å gå på tur. Og eg har gitt meg sjølv lov til å tru på det.

I kveld greidde eg å snu om på det. I kveld greidde eg å ta avgjerda om at eg skulle gå meg ein kort tur. Eg tok avgjerda, og eg gjennomførte det. Kroppen greidde det fint, den. Mine tankar og opplevingar av korleis eg kjenner meg når eg sit inne i go'stolen min, er ikkje nødvendigvis realiteten. Når eg sit inne i go'stolen min, tenker eg meg ned. Eg kjenner det eg kjenner av plager med meir styrke enn det som kanskje er realiteten. Fokus, fokus. Det handler om kvar eg har fokuset mitt. Så: "Wenche! Stopp tankane! Slutt med å kjenne etter! Berre gjer det!"

I kveld greidde eg å ta ei avgjerd om at eg skulle gå på tur, eg gjennomførte det og kroppen min greidde det fint. Og enno ein gong kan eg berre slå fast og erkjenne at etter turen kjenner eg trøttheten på ein litt anna måte enn før eg gjekk. Den trøttheten eg har kjent på den siste tida, har ei årsak (kanskje fleire) Og den vert ikkje 'kurert' av denne turen. Men - den vart ikkje verre heller. Og det er ikkje tvil om at det gjorde godt for kroppen. (som eg trudde ikkje ville greie det.) Frisk luft, røre litt på seg, få fart på blodomløpet, bli litt andpusten - det gjorde godt for kroppen min.

Det gjorde også godt å få lufte tankane. Å komme seg ut gjev tankane eit større rom å boltre seg i, og eg kan lettare oppdage kva for tankar eg skal gje slepp på og kva for tankar eg skal ha fokus på for å føle meg betre.🙂Just do it!👍