14. nov, 2016

Å vere bevisst på tankane sine

"Lediggang er roten til alt ondt." Eit kjent ordtak som har mykje sanning i seg. Det å ikkje ha noko å ta seg til, noko å vere oppteken av, noko å bruke tida si på, gjev god anledning til at tankane får gå fritt. Det treng ikkje vere problematisk å ha mykje ledig tid. Men veldig ofte og for veldig mange vert det slik at med god tid til å tenke, så kjem dei negative tankane fram og tek større og større plass. Og når det er slik at tanken påverkar kjensla, kva skjer då med oss når negative tankar får størst plass? Negative tankar kan gjere oss nedstemte, triste og deprimerte. Og når me vert nedstemte, triste og deprimerte, kjem det enno fleire negative tankar. Så vert me enno meir nedstemte, triste og deprimerte. Ein ond sirkel. Ein nedadgåande spiral.

Eg veit sjølvsagt at for nokre er det slik at kronisk somatisk sjukdom sit grenser for kor mykje aktivitet som er mulig å greie. Og av og til vert me alle ramma av forbigåande somatisk sjukdom der kroppen bestemmer kva som er mulig å greie av aktivitet. I slike situasjonar er det desto viktigare å vere bevisst på korleis tankane våre fungerer. Det krever hard jobbing med seg sjølv for å ikkje synke ned i tristhet og depressiv tilstand.

Me som vert ramma av forbigåande somatisk sjukdom, veit jo at dette er noko som vil gå over. Dersom ein til dømes får ei kraftig influensa som gjer at ein ikkje er i stand til noko anna enn å vere sengeliggjande, kanskje i mange dagar, så er det lett for at det som er negativt får stort fokus. Ein ligg jo berre der utan impulsar og uttrykk utanfrå. Negative tankar byrjar å komme, og før ein veit ordet av det så er ein inne i den onde sirkelen. Men me veit jo at dette er ein forbigåande tilstand, og det må me prøve å rette fokuset mot. 

Eg veit veldig godt at det ikkje er lett å halde på eit positivt fokus når somatisk sjukdom grip inn i den vanlege kvardagen. Men eg er også så heldig at eg veit kva passivitet (under sjukdomstilfelle eller generelt sett) kan gjere med tankane og kjenslene mine. Eg har lang erfaring på det. Eg veit at passivitet og "lediggang" gjev meg altfor mykje tid til å tenke. Eg veit at då kjem dei negative tankane fram og tek større og større plass. Og eg veit at det kan dra meg ned i tristhet og depresjon. Eg veit også at det kan vere lurt å "pushe" meg sjølv litt, til tross for sjukdomskjensle. Ikkje slik at det går på helsa laus, men ved å prøve meg fram - kva greier eg sjølv om eg kjenner meg sjuk? Å prøve meg fram med små steg undervegs i ein sjukdomsperiode, kan forhindre at eg synk ned i tristhet og depresjon. Og veit de kvifor? Det handler om å skifte fokus. Få avledning. Gjere noko aktivt for å utsetje meg sjølv og merksemda mi for noko anna enn dei negative tankane. Eg seier ikkje at det er lett. Eg har gått ein lang veg med trening og tilbakesteg og trening igjen, for å komme dit at eg har både forstått og erfart at dette fungerer. Og sjølv om eg kan dette og veit at eigeninnsats med konkret aktivitet vil gje avledning og eit skifte av fokus, hender det at eg blir fanga i den nedadgåande spiralen, og må be om hjelp til å sortere tankane slik at eg kan bryte ut av den onde sirkelen. Heldigvis finnes det fagpersonar som kan lytte, og som kan veilede meg slik at eg finn igjen den rette vegen min. 🙂

Om ikkje "leddiggang er roten til alt ondt", så er det veldig ofte årsak til at menneske vert dradd ned i negative kjeslemessige tilstandar. Når me ikkje gjer noko aktivt for å få impulsar og uttrykk utanfrå, vil me gå oss fast i det me har inni oss.