11. nov, 2016

Letta eller skuffa?

Eg sit her i kveld og veit ikkje heilt kva eg skal tenke og føle. Etter ei unødvendig lang ventetid for utredning av ei helseplage, på grunn av at ein legespesialist ikkje gjorde jobben sin, var det i dag endeleg tid for ny konsultasjon. Heldigvis hjå ein annan lege, men samme undersøking. (fordi ein legespesialist ikkje gjorde jobben sin for fire månader sidan.....) Legespesialisten eg møtte i dag, var heilt annleis. Ho var dyktig, sympatisk og godt førebudd.

Men no sit eg altså her og veit ikkje heilt.... På den eine sida: Bra at det ikkje var det som det først var mistanke om. På den andre sida: Smertene er jo der likevel, så kva no? Som sagt; heldigvis ein dyktig og sympatisk legespesialist denne gongen, som var villig til å sende meg vidare når eg framleis opplever smerter utan at det var det som det først var mistanke om. Det betyr altså meir venting i helsekøen, og at eg må tåle å leve med dette enno ei stund.

Så eg sit her i kveld og veit ikkje heilt om eg skal vere letta eller skuffa.🤨Jaja...slik er det berre. Slik er situasjonen, så då må eg berre jobbe med meg sjølv for å akseptere det.