6. nov, 2016

Fortid og framtid - bremser det livet her og no?

Opp gjennom historien er det mange kjende personar som har sagt noko om at det er viktig å leve her og no. Det finnes mange kloke ord om å ikkje bekymre seg for gårsdagen og morgondagen. Kanskje nokre syns at slike ord og uttrykk vert litt klisjè? Og at det vert litt for lettvint å berre slenge ut slike livsfilosofiar? Ja, kanskje. Men det er sanning i dei også. Gårsdagen, det som har vore, det som har skjedd, det som har blitt gjort - det kan ikkje gjerast om. "Gjort er gjort og spist er spist." Gårsdagen kan ikkje gjerast om. Noko kan ein kanskje rette opp, men det som har vore og det som er gjort kan ikkje gjerast om. Og morgondagen? Me har våre gjeremål og rutinar. Me har våre faste planar om arbeidsliv, daglege gjeremål og fritid. Og erfaringane våre seier noko om kva me kan forvente i desse gjeremåla som kjem. Men me kan ikkje vite heilt nøyaktig. Me kan ikkje vite at alt vil gå etter planen. Basert på erfaringar har me forventningar. Men me kan ikkje vite heilt sikkert. Slik er det, og for mange er det ikkje noko problematisk å ikkje vite heilt om alt vil gå etter planen. For mange er det slik at dei tek utgangspunkt i det som er på planen, og om det oppstår noko uventa så tek dei det der og då. For andre kan det å ikkje vite om alt vil gå etter planen skape bekymringar. Å vite at ein ikkje kan vite - for mange er det vanskeleg. Det skaper så mange tankar og forestillingar. Det skaper bekymringar. Men sanninga er at me kan ikkje vite alt om morgondagen. Å bekymre seg for den har ikkje anna funksjon enn at det stel tid frå dagen i dag, tid som kunne vore brukt til gode tankar og opplevingar. Ja, eg veit... lettare sagt enn gjort, og alt det der. Men eg veit også at det er mulig å trene seg opp til å ta litt styring over tankar som skaper bekymring.

Mental trening! Det er mulig å trene seg opp til å velge vekk tankar om gårsdagen. Det som ligg bak oss i livet, fortida vår, den kan me ikkje endre på. Me kan ikkje gå tilbake i tid og begynne på nytt. Det som har vore det har vore, både det gode og det vonde. Og me menneske er av ein eller anna grunn best på å hugse og ta med oss det vonde. Me er gode på å trege over alt som har gått gale, alt me ikkje har fått til, opplevingar og hendingar som har vore negative og vonde. Me brukar så mykje energi og tid av dagen i dag til å tenke på alt som ikkje har vore bra, energi og tid som me kunne ha brukt på gode tankar og opplevingar. Difor er det så bra at det er mulig å trene seg opp til å ikkje gjere det. Det finnes verktøy, metodar, som me kan lære oss å bruke for å legge vekk tankane om det som har vore og som me faktisk ikkje kan gjere om. Den kjente psykiateren Carl Gustav Jung har sagt: "I am not what happened to me. I am what I choose to become." (Eg er ikkje det som har skjedd meg. Eg er det eg velger å bli.) Når me greier å legge vekk tankane om fortida og akseptere at "gjort er gjort og spist er spist" frigjer me plass i oss sjølve til å kunne leve meir her og no.

Og på samme måte kan me trene oss opp til å legge vekk tankar med bekymringar om morgondagen. Me kan trene opp motet vårt. Me kan trene på å bli modige nok til å akseptere at me ikkje kan ha kontroll på alt som ligg i morgondagen. Og me kan trene oss opp til å få styrke nok til å møte det uventa som kan oppstå, av både smått og stort. Når me kjenner at me har mot og styrke nok til å møte det uventa som kan oppstå, vil me kjenne oss trygge nok til å kunne leve meir her og no.

Trening, trening, trening. Mental trening - det kan alle gjere! (Du treng ikkje kompresjonstights og joggesko med demping for å drive med mental trening 😉 ) Det du treng, er vilje. Du må ville gjere noko med tankemønsteret ditt. Du må ville gjere ein jobb med deg sjølv. Du må ville bestemme deg for å gjere det. Du må ville ta det valget. Og kanskje er det nødvendig å be om hjelp. Nokre treng kanskje hjelp av fagpersonar, av eit hjelpeapparat. Andre greier kanskje å få det til på egenhånd. Men skal du få det til, med eller utan hjelp, må du ville det. Og du må vere førebudd på at det tar tid. Det tar tid å avvenne seg med tankar som gjerne har vore ein del av deg i mange, mange år. Ting Tar Tid. Men - vil du så kan du! 👍🙂