31. okt, 2016

Nøkkelen til suksess og eit godt liv finnes ikkje

Mange spør seg: Kva er nøkkelen til suksess? Kva er nøkkelen til å få eit godt liv? Nøkkelen til suksess og eit godt liv finnes ikkje. Den finnes ikkje, fordi den er unødvendig. Me treng ikkje nøkkel for å oppnå dette. Me treng ikkje nøkkel, fordi døra som kan føre oss til dette er ikkje låst. Den kan vere stengt. Den kan vere stor og tung, vanskeleg å opne. Men om ein verkeleg vil, kan ein greie å få opp døra. Og om ein ikkje har nok krefter til å skyve den opp sjølv, er det heilt greitt å be om hjelp. 

Me treng ikkje nokon nøkkel. Me kaster bort tid med å leite etter den. For den nøkkelen finnes ikkje.

Livet byr på muligheter kvar einaste dag. Dei er der, heile tida. Me treng ikkje nøkkel for å få tak i dei. Men kanskje me treng mot? Mot til å sjå rett på muligheten. Erkjenne at den er der, og at me faktisk kan gripe tak i den. Me kan velge å sjå muligheten, og me kan velge om me vil gripe tak i den. Dersom me verkeleg vil gå gjennom døra som kan føre oss til noko betre, så kan me det. Det krever gjerne mot, fordi me ikkje kan sjå så langt. Ein mulighet er gjerne noko som er nytt for oss. Me kan sjå den og velge å gripe den, men me har ikkje garanti for at det blir suksess. Me kan ikkje spå om framtida. Så me får ingen garanti for at det blir suksess, at dette er den rette vegen til eit godt liv. Men dersom me verkeleg vil gjennom døra - vil komme vidare, vil utvide horisonten og få nytt innhald i livet -  så kan me finne mot til skyve opp døra og gå gjennom. Dersom me verkeleg vil, kan me finne mot sjølv om me ikkje ser heile biletet av kvar dette går.

Me kan slutte med å spørje om kva som er nøkkelen til suksess, nøkkelen til å få eit godt liv. Me kan slutte med å bruke tid på å leite etter ein nøkkel som ikkje finnes, ein nøkkel som me ikkje treng. Me kan heller bruke tid på å byggje opp mot - mot til å sjå muligheter og mot til å ta valg om å gripe dei.🙂

Livet byr på muligheter kvar einaste dag. Me må berre våge å opne opp for å sjå dei, og me må våge å ta valget om å gripe dei.