26. okt, 2016

Å handle utan å tenkje. Å tenkje utan å handle.

Det kan vere ulike årsaker til at ein får problem i livet. Då tenkjer eg ikkje på sjukdom som skapar problem, eller andre faktorar som ein ikkje kan styre over. Eg tenkjer på situasjonar - på hendingar og opplevingar som ein møter i livet, noko som skjer som ein skal ta stilling til. Nokre vil kanskje "hive seg rundt" og ta tak i det raskt, setje i gang med ei handling med det samme. Det kan vere positivt. Det kan også vere negativt og skape problem. Å ta tak og setje i gang handling utan å ha tenkt nok gjennom det, kan skape problem. Ein tek kanskje valg som får negative konsekvensar, fordi ein ikkje tok seg tid til å sjå langt nok fram.

Så er det dei menneska som har vanskar med å ta stilling i ulike situasjonar og hendingar. Nokre menneske er usikre og kanskje litt engstelige. Det kan vere mange årsaker til det. (eg går ikkje inn på det no). Menneske som er usikre og litt engstelige treng mykje informasjon, detaljert informasjon, fleire argument både for og i mot. Og så kan dei kanskje starte å gjere vurderingar. Men så er det slik, at med vurderingane kan det komme nye spørsmål som ein treng svar på. Ein treng enno meir informasjon og argument, både for og i mot, før ein kan halde fram med å vurdere. Og så kjem det nye spørsmål.... Så sit ein der og vurderer. Ein sit der og vurderer og tenkjer - tenkjer og vurderer. Ein får aldri avslutta tankerekkja. Det kan til slutt bli slik at ein grubler seg inn i ein enno større usikkerhet. Og ein greier ikkje å bestemme seg for eit standpunkt.  Ein grubler seg inn usikkerhet, og kanskje også kjensle av å vere mindreverdig, fordi ein ikkje greier å ta eit valg. Usikkerhet ->grubling ->meir usikkerhet -> meir grubling, og så; Unnvikelse. Å unnvike "alt" gjer at ein til slutt kan ende opp med å gjere seg sjølv liten, usynlig og kanskje til og med hjelpelaus og stakkarslig(?) Ein kan bli avhengig av at det er andre som skal ta valg for ein. Det ein gjer, er å unnvike å ta ansvar for seg sjølv og sitt eige liv. Om ein aldri vågar å ta stilling til noko, mister ein seg sjølv litt. Det blir litt som å utslette sitt eige EG og bli til.....ingenting?

Det kan vere ulike årsaker til at ein får problem i livet. Men ein del problem kunne kanskje vore unngått dersom ein tenkjer litt før ein handler og handler utan å tenkje for lenge (?)

Å handle utan å tenkje. Å tenkje utan å handle. Begge desse kan skape problem. 😉