23. okt, 2016

Tankefull minnast eg eit fint menneske som har gått bort

Ei trist melding om at eit menneske eg kjenner døydde i dag. Det gjer meg tankefull. Men eg har fine, gode og morsomme minner, som får meg til å smile samstundes som kjenner nokre tårer i augo. 

Det aller første møtet var då eg som fersk og usikker musikant i skulekorpset syns det var både stort og litt skummelt at denne engelskmannen skulle vere dirigent for korpset. Men etterkvart vart denne engelske dirigenten ei inspirasjonskjelde, og som fersk og ung korpsmusikant lærte eg veldig mykje av han som dirigent. Denne engelskmannen var også lærar på musikklinja på folkehøgskulen der eg var elev midt på åtti-talet. Det var også ei lærerik tid, og med mykje moro og latter. Han hadde ein humor som "gjekk rett heim" hjå meg - og mange andre.

Han kjente til mine psykiske plager, og gav uttrykk for at han gjerne ville gjere noko for å vere til støtte. Den gongen var eg så tungt deprimert at eg fann det vanskeleg å gje uttrykk for kva støtte eg hadde behov for. Men det er fint å tenke på at han såg meg og brydde seg. Etterkvart flytta han til ein anna kant av landet, men for nokre år sidan vart me Facebook-vener. Og her fekk eg blant anna ta del i den humoren eg hugsa så godt, og som eg alltid har likt ved han.

"Eg syns det er rart at du ikkje lever lenger, maestro. Det er berre få dagar sidan du la ut eit bilete av deg sjølv med kommentar til på Facebook. Eg syns du var eit fint menneske - ærleg, ekte og beint fram direkte på ein måte som kanskje kunne virke "brutal" for dei som ikkje kjente deg (og for ferske, usikre skulekorpsmusikantar) - men eg lærte fort å kjenne deg som eit fint menneske med hjarte på rett stad. Det er trist at du er borte, maestro. Korpsrørsla har mista ein dyktig dirigent og arrangør, som også visste å spre glede og latter rundt seg."