22. okt, 2016

Sjukdom i kroppen, men ut og få frisk luft gav gevinst likevel.

Ut på ein roleg tur, få frisk luft og vere i fint naturlandskap. Eg ville prøve det i dag, etter nokre sjukedagar. Eg har ikkje vore ute og gått på tur sidan forrige fredag. Eg har sakna det. Så i dag ville eg prøve meg på ein kort og roleg tur. Valg av turmål for dette var enkelt. Kvassnesstemma Friluftsområde har blitt ein favoritt på dagar der det er nok å berre komme seg ut litt i frisk luft og ha natur rundt meg. 

Eg var i området i ein time. Tok meg god tid til fotografering. Det var fint. det var ei god oppleving. Det gjorde meg godt mentalt. Og det var kjekt å setje seg ned heime etterpå og jobbe med bileta eg hadde teke.

Det var ei god oppleving å vere ute i frisk luft med flott natur rundt meg. Men det var kanskje ikkje så lurt. Det var kanskje for tidleg. No har kvelden komme og eg sit her med feber. Så kanskje det ikkje var så lurt. Eller - jo, det var lurt. Det var lurt, fordi det gav psykisk og mental helse eit løft. Eg visste før eg gjekk at eg sjukdomen i kroppen ikkje var over. Og eg veit, når eg no sit her litt ut på kvelden, at det er ganske stor sannsynlighet for at feberen ville ha komme uansett. 

No sit eg her med feber og eit smertenivå som er nesten like høgt som det var for ei veke sidan. Men eg angrar ikkje på at eg gjekk ut på ein liten tur. Eg angrar ikkje og eg konkluderer med at det var lurt. Det var lurt, fordi det gjorde meg godt psykisk og mentalt. Og då kan eg tole at eg no sit her med feber og smerter.