22. okt, 2016

Nokre tankar om krig og mennesker på flukt

Eg les ein god del aviser på nett. Det vil seie; eg er innom dagleg og blar meg gjennom dei. Og ofte fleire gongar for dagen. Eg er ofte innom og blar, men eg les ikkje alltid så grundig gjennom innhaldet. Eg les overskriftene som slår i mot meg når eg "klikkar" meg inn i nettavisene, overskrifter som fortel meg om grusomme tilstander i andre land. Eg ser bilete av fullstendig øydelagde bygningar. Det er mange bygningar. Det er store områder - heile bydelar - som heilt bokstaveleg er jamna med jorda. I bygningane var det mennesker. Dei budde der eller hadde kanskje arbeidet sitt der. Nokre kom seg aldri ut. Andre greidde å komme seg ut før bygningane vart jamna med jorda. Dei kom seg ut og berga livet, for no. Dei er likevel ikkje trygge. Det er ikkje over. Andre bygningar ramlar ned rundt dei. Skudd frå våpen vert sendt rett mot dei. Dei må komme seg vekk. Dei må flykte. Dei må flykte frå sitt eige land. Dei må flykte langt, langt vekk. Dei må flykte frå krig og terror til eit land der dei kan vere trygge. No har dei blitt flyktningar. Ikkje fordi dei VIL. Men fordi dei MÅ. Dei MÅ flykte dersom dei vil halde seg i live. Menn og kvinner, gamle og unge. Og så alle barna, då. Så mange barn som må oppleve og tole å leve under slike omstende. Dei må flykte til land der dei kan vere trygge for krig og terror. Mange kjem til vårt land. Her er dei trygge. Dei er trygge for krig og terror. Dei får komme til flyktningemottak og er trygge for krig og terror medan dei ventar på at myndigheitene skal ta stilling til kva som skal skje med dei vidare. Dei får komme til tryggleik i ein midlertidig "heim" med håp om å få vere i vårt land til krig og terror kanskje tek slutt i landet dei kom i frå. Det er jo der dei helst vil vere. Dei vil leve og bu i tryggleik i heimlandet sitt. Dei håpar at det kan bli slik, at det skal bli fred og ro i heimlandet. Men dei kan ikkje reise tilbake dit før det er trygt. Dei håpar at dei kan få vere i vårt land i vente på at kanskje det èin dag er trygt nok å leve og bu i heimlandet igjen. I eit flyktningemottak i vårt land er dei trygge. Dei er trygge for krig og terror. Men dei er likevel ikkje fulltrygge. Dei lever i uvisse. Dei må vente og leve i uvisse til myndigheitene har avgjort kva som skal skje med dei vidare. Det veit dei. Dei veit at det er slik det fungerer. Og dei gjer så godt dei kan med å tilpasse seg den situasjonen. Men så er det også slik at dei ikkje kan finne særleg ro i eit flyktningemottak. Dei kan ikkje finne ro der, fordi myndigheitene brått kan bestemme at eit flyktningemottak skal leggjast ned og avsluttast. Flyktningane må flytte på seg, gjerne etter berre kort tid. Og dette skjer igjen og igjen. I vårt land er dei trygge for krig og terror, men vårt land har myndigheiter som brått kan bestemme at eit flyktningemottak skal leggjast ned. Då må flyktningane - menn og kvinner, gamle og unge, barn i alle aldrar - pakke sammen og flytte vidare til ein stad som myndigheitene har plukka ut for dei. Dei har kanskje greidd å finne litt ro i eit trygt flyktningemottak til tross for at det er langt i frå ein vanleg, trygg og god heim. Dei har kanskje funne litt ro. Dei har blitt kjend med lokale innbyggjarar. Dei gjer så godt dei kan med å tilpasse seg situasjonen som flyktning i eit mottak, i eit land langt vekke frå heimlandet. Men så må dei pakke det vesle dei har av saker, og reise derifrå. Fordi myndigheitene i vårt land har bestemt det. Flyktningane må godta det. Dei forstår gjerne ikkje kvifor. Dei spør gjerne ikkje heller. Dei godtar det. Fordi dei er i allefall trygge for krig og terror. Me som bur i dette landet vårt, me som er fødd og oppvaksen her, me som skal bli gamle her, me forstår heller ikkje heilt kvifor myndigheitene brått avgjer at eit flytningemottak skal leggjast ned. Det er ikkje alltid så lett å forstå seg på avgjerslene til dei som sit med makta i landet vårt. Men dei er valgt av folket, av oss, på ein demokratisk måte, og difor godtar me også mykje av det dei sit og bestemmer. For det er jo dei som bestemmer og skal ta avgjersler for landet vårt. Me kan bli oppgitt, frustrerte og sinte over avgjerslene. Me kan gje uttrykk for det. Og me kan gjere vårt ved å røyste på dei me ønskjer skal ha makta når det er stortingsval. Men når me har dei styresmaktene me har, der og då, må me godta dei avgjerslene som vert tatt. Men i motsetning til dei som bur i flyktningemottak, må me ikkje brått ein dag pakke sammen og flytte til ein ny stad som myndigheitene har plukka ut til oss.

Og medan alt dette hender i vårt land og i andre land som er trygge, ser me kvar einaste dag i media at krigane herjar i andre land, og skapar nye offer som må flykte for livet. Grusomme historiar og grusomme bilete. 

Eg les ein god del aviser på nett. Eller; eg blar meg gjennom ein del aviser på nett. Eg les overskrifter og ser bileta som slår i mot meg. Så blar eg ofte vidare. Ikkje fordi det ikkje interesserer meg. Men fordi det er grusomme historiar og grusomme bilete. Og av og til er det for vondt å ta inn over seg alt dette. Tenk, kor heldig eg er! Eg kan berre bla meg forbi alt dette vonde. For meg er det skildringar av grusomheter som eg kan velge vekk når eg sjølv vil. Det kan ikkje dei som bur og lever midt oppe i det.... For meg er det skildringar. For dei er det brutal realitet.