19. okt, 2016

Eg må hente fram igjen eit verktøy

I dag må eg ta fram igjen eit verktøy som eg ikkje har hatt bruk for på ei stund. Eg må ta fram igjen eit verktøy som kan hjelpe meg med å ta kontroll over tankane.

Eg kjenner veldig behov for å vere ute. Vere ute i frisk luft. Vere ute i naturen. Vere ute og gå på tur. Mentalt sett, kjenner eg veldig behov for det etter mange passive innedagar på grunn av sjukdom. Eg saknar den gode kjensla eg får av å vere ute på tur, og har veldig lyst til å komme meg ut og gå. Men kroppen kan ikkje. Den har ikkje nok krefter når den har sjukdom i seg.

Det er her dette verktøyet eg snakka om, kjem inn. Eg må bruke dette verktøyet til å få meir kontroll over alle tankane som terpar på det eg IKKJE kan no når eg har sjukdom i kroppen. 

"STOPP! STOPP, Wenche! Slutt å tenk på det! AKSEPTER at du har sjukdom i kroppen. Slå deg til ro med det. Aksepter og finn ro! Det går over!"