19. okt, 2016

Eigenomsorg er ikkje det samme som å synast synd på seg sjølv

Det er alltid nokon som har det verre. Den setningen likar eg ikkje noko særleg. Eg likar ikkje at den vert brukt på ein måte som kan få ein til å føle at eins eigen situasjon vert bagatellisert. Det ER alltid nokon som har det verre. Eg veit no vel det.

Men når ein sjølv er dårleg, såpass dårleg at funksjonsnivået er langt under det halve av det som er vanleg, når ein sit i ein stol eller ligg på sofaen omtrent heile dagen - i fleire dagar - fordi sjukdom med fysisk smerte tvingar ein til å vere i ro - det er for vondt å vere i aktivitet - når ein har det på den måten, har det ikkje særleg betydning at "det er alltid nokon som har det verre"... Akkurat der og då, har det lite betydning. Akkurat der og då handlar det om ein sjølv. Det handlar om eigen sjukdom. Det handlar om å vere ufrivillig i ein smertefull tilstand, og ein må fokusere på mental jobbing med seg sjølv for å tåle å vere i den tilstanden. Det handlar om å gjere det som er nødvendig og riktig for ein sjølv, slik at ein skal komme seg gjennom det og etterkvart komme seg tilbake til kvardagen. Det er lov til å tenke på seg sjølv. Det er lov til å gjere det som ein sjølv opplever er til det beste for seg sjølv. Det er lov, og det er nødvendig. (sjølv om det alltid er nokon som har det verre). Skal ein komme seg på beina igjen, MÅ ein fokusere på seg sjølv. Ein må gjere det beste, det riktige og det som er nødvendig. Å ta vare på seg sjølv er ikkje det samme som å "sutre" og synast synd på seg sjølv. Og dessutan; eg syns det må vere lov å føle seg litt nedfor og lei når sjukdom begrensar kvardagen. Det syns eg faktisk. Men det er viktig å passe på at det stoppar med det. Det må stoppe med at ein har empati med seg sjølv FORDI ein er sjuk. Om ein lar det gå lenger enn det, kan ein fort synke ned i negativ sjølvmedlidenhet. Det genererer fleire negative tankar, så synk ein enno litt lenger ned, som genererer enno fleire negative tankar. Om ein ikkje er på vakt for denne negative spiralen, kan ein ende opp med å få psykisk smerte i tillegg til sjukdomen med fysisk smerte.

Ja. Det er alltid nokon som har det verre. Men det er lov til å tenke på seg sjølv og gjere det ein føler ein treng for å komme seg gjennom ein sjukdomsperiode. Det er ikkje "sutring." Det er ikkje sjølvmelidenhet. Det er å vere snill med seg sjølv. Det er å ta vare på seg sjølv. Det er å gjere det som er nødvendig for at ein skal komme seg på beina igjen. Det er eigenomsorg.