17. okt, 2016

Ei god og trygg legeteneste

Det er fint å bu i ein kommune som har ei god legeteneste. Eg opplever alltid å bli tatt i mot på ein positiv og god måte. Eg opplever at eg vert lytta til. Eg opplever at eg blir tatt på alvor. Eg kjenner meg alltid godt ivaretatt. Og eg får alltid hjelp - god hjelp. Det kjennes trygt å tilhøyre ei legeteneste som ivaretar meg og alltid gir god hjelp.

I dag var ein slik dag at eg enno ein gong fekk komme til hjå fastlegen på kort varsel. Eg skal skunde meg å legge til at det ikkje handler om noko alvorleg. Men eg hadde behov for hjelp med ei kronisk helseplage som for tida har eit høgt smertenivå. Og som alltid; eg vart møtt på ein god måte. Eg vart møtt på ein god måte i telefonen når eg ringte dit og sa korleis situasjonen var, og eg vart møtt på ein god måte og fekk god hjelp når eg var hjå legen. Eg er takknemlig for at eg tilhøyrer ei legeteneste som eg alltid opplever som god og trygg.