12. okt, 2016

Somatisk sjukdom - tålmodighet?!?

Eg har ofte fått høyre frå andre at eg må ha ein stor tålmodighet. Ja.... det har eg vel gjerne. På ein del område i alle fall.

Mange seier at dei aldri kunne ha jobba i barnehage; "Det har eg ikkje tålmodighet til"... Eg tok mitt valg om yrkesfelt allereie då eg gjekk siste året på ungdomsskulen. Eg berre visste at eg ville jobbe med barn. Og slik vart det også. Eg starta i ein slik jobb i 1987. Då var eg 19 år. Eg har halde meg til det yrket i alle desse åra. Det har riktignok vore litt "av-og-på" pga av helseutfordringane mine, men eg har aldri hatt noko ønske om å bytte arbeidsfelt. Og no, snart 30 år seinare, jobbar eg framleis med barn. Det er nok difor eg ofte får høyre at eg må ha ein stor tålmodighet. Og ja, tålmodighet må ein ha i slike yrke. Det er kanskje nettopp difor eg har ein ganske stor tålmodighet sånn ellers også? Ein lærer seg gjerne det gjennom eit langt yrkesliv innanfor det feltet? 

MEN! Det er eitt område der eg verkeleg slit med å vere tålmodig. Eg er rett og slett frykteleg dårleg på å takle somatisk sjukdom. Når somatisk sjukdom rammar på ein måte som gjer at kroppen krever å få vere fullstendig i ro, då slit eg verkeleg med å vere tålmodig. Eg kjenner jo at eg knapt kan bevege meg utan å få veldig vondt, og eg kjenner at det er mindre vondt når eg er i ro. Eg veit også at det vil bli betre igjen. Men...hjelpe meg kor eg slit med å vere tålmodig når eg berre må vere i ro! Klokka på veggen i stova mi tikkar og går på fram. Men tida går no så forferdeleg seint! Tida går så seint når eg ikkje greier anna enn å vere heilt i ro. Tankane og kjenslene mine vil ikkje det. Dei vil ikkje at eg berre skal sitje, eller ligge, heilt i ro ein heil dag. Tankane og kjenslene mine fortel meg at eg har lyst til å vere ute. Eg har lyst til å gå på tur i skog og mark. Eller opp på ein liten fjelltopp. Det fortel tankane og kjenslene mine til meg. Men eg kan ikkje gjere det. Eg kan ikkje gjere det som den mentale delen av meg har lyst til. Ikkje i dag. Fordi somatisk sjukdom har så godt tak at det blir for smertefullt og slitsomt å presse kroppen til å vere i aktivitet. Eg likar ikkje at eg ikkje kan gjere det som eg har lyst til. Eg blir utålmodig. Difor må eg på dagar som denne jobbe ein del med mitt eige indre for å akseptere. Eg må vere veldig bevisst på det. Ellers kan utålmodigheten utvikle seg til negative kjensler; Frustrasjon, kanskje litt sinne og så kan det ende opp med at eg blir nedstemt og trist. Og det er heilt unødvendig. Det er heilt unødvendig å gruble det til noko større enn det er. Eg må akseptere at eg ikkje kjenner meg frisk. Eg må akseptere at eg treng å vere i ro. Eg veit jo at det blir betre igjen. Kanskje allereie i morgon?

Eg er frykteleg dårlig til å takle somatisk sjukdom. Eg slit med å vere tålmodig når eg har lyst til noko anna enn å berre vere heilt i ro. Men eg må akseptere at slik er det. Slik er det i dag. Tida går seint når eg berre er i ro, men den stoppar jo ikkje. Kvelden og natta vil komme. Og kanskje... kanskje våknar eg i morgon og kjenner meg så bra at eg kan gjere det eg har lyst til? 🙂