10. okt, 2016

Å akseptere har ein beroligande virkning

Eg har tidlegare skrive om det å akseptere. Eg har skrive om det mange gongar. Og det er nyttig for ein å kunne akseptere når det handler om noko som ein ikkje kan gjere noko med. Men det kan vere vanskeleg av og til. Eg syns det er vanskeleg å akseptere at helseplager stoppar meg frå å gjere det eg gjerne vil. Når ytre omstendigheter ligg til rette for fine og kjekke opplevingar, men kroppen seier stopp, det syns eg er vanskeleg å akseptere. Tankane kjem veldig fort - dei negative tankane. Dei negative tankane om den helsetilstanden som stoppar meg frå å gjere det eg har lyst til akkurat i dag. Ja, for eg veit jo at det ikkje er like plagsomt alle dagar. Det veit eg, fordi eg kan ha hatt fleire dagar med fine og kjekke opplevingar i forkant. Kanskje det nettopp difor vert nedtur når eg då våknar ein morgon og kjenner at plagene slår til med full styrke? 

Ja, kanskje det er slik det er for mennesker med kroniske helseplager? Sjølv om ein veit at det vil vere både gode, mindre gode og dårlege dagar, så vert ein skuffa når det etter fleire gode dagar kjem ein dårleg dag? Dei negative tankane kjem veldig fort. Og når negative tankar får godt tak, påvirkar det også sinnstemningen. Negative tankar fargar den indre verda grå og mørk. 

Difor skriv eg enno ein gong om det å akseptere. Når me har kunnskap om eigne helseplager og veit at det "går opp og ned" med dei, kan me spare oss for ein del negative tankar og tunge kjensler dersom me kan akseptere at slik er det berre. Dersom me kan greie å akseptere det, vil negative tankar legge seg meir til ro. Og når negative tankar legg seg meir til ro, vil også den indre verda kjennes mindre grå og mørk. 

Å kunne akseptere det som me ikkje kan gjere noko med, er ein god og nyttig egenskap å lære seg.

Å akseptere har ein beroligande virkning. Ikkje berre for det personlege, men generelt sett også.🙂