7. okt, 2016

Livsglede - trivsel, tilfredshet og glede over å vere til.

Livsglede...  Glede i livet. Å vere glad i livet.

Det er godt å kjenne at det er glede i livet. Det er godt å kjenne at det å vere til har meining. Å leve livet på ein meiningsfull måte. Å bruke seg sjølv, bruke kunnskapen sin og ressursane sine, både til nytte for seg sjølv og for andre. Å vere noko for andre, men også ta valg som er til beste for ein sjølv. Å leve eit liv som ein trives med.

Lykke? Det er ikkje sikkert at me treng det.... Lykke... Lykke... kva er no eigentleg det for noko? Er det å vere fullstendig fri for bekymringar? Å vere heilt fri for sorg og smerte? I så fall er ikkje lykke noko ekte. Ingen kan vere fullstendig fri for bekymringar, sorg og smerte. Før eller seinare i livet, kjem det til oss alle, i ein eller annan form.

Trivsel. Tilfredshet. Glede i livet. Å glede seg over livet. Å vere glad i livet. Er ikkje det fint, då? Er ikkje det godt nok? Det er ganske stort, det! Det er stort å vere glad i livet og kjenne at ein er tilfreds og trives der er ein er i sitt eige liv. Tilfredshet og trivsel gir god "motorkraft" for eit menneske. Så god, at det er godt nok.🙂

Livsglede - det er å våkne om morgonen og kjenne at ein ser fram til ein ny dag, og det er å gå og legge seg om kvelden med tilfredshet over dagen som har gått. 🙂