4. okt, 2016

Sjølvkritisk eller raus?

Kvifor er det slik at me menneske er så mykje meir kritiske og strenge med oss sjølve enn det me er med dei menneska me har rundt oss? Når nokon som står oss nær kjem i ein vanskeleg situasjon, gjer noko feil eller dumt,  eller ikkje har det bra, er me sjølvsagt rause, snille og omsorgsfulle mot dei. Me hjelper. Me støttar. Me trøstar. Me vil ikkje at dei skal vere lei seg og ha det vondt. Me vil at dei skal vere glade og ha det bra. 

Men kva med oss sjølve? Vil ikkje me sjølve også vere glade og ha det bra? Kva er det med oss menneske, som ikkje kan vere like rause med oss sjølve som det me er med dei som står oss nær? Me stiller ofte langt større krav til oss sjølve enn det me ville krevd av vår beste venn. Dersom nokon av våre næraste t.d har det vanskeleg og trist, seier me gjerne at det er lov å vise kjensler. At det er lov å la tårene komme. Men når me sjølve har det vanskeleg og trist, så prøver me gjerne å skjule det så godt me kan. Me vil ikkje la andre sjå at tårene våre kjem. Det er litt flaut å vise seg svak og oppløyst i tårer. Men ein bestevenn som er oppløyst i tårer er me snille, omsorgsfulle og rause med; "Berre la tårene komme. Du treng ikkje vere flau over at du viser kjenslene dine"....

Når nokon av dei me har rundt oss gjer ein tabbe eller mislykkast med noko, er me raske med å støtte og seie at det ikkje er noko å bry seg om. Alle kan gjere feil - seier me til dei. Men kva gjer me når me sjølve gjer noko feil eller mislykkast? Tek me i mot den støtta som andre gir oss? Og ikkje minst; er me rause med oss sjølve? Seier me til oss sjølve at det ikkje er noko å bry seg om? At alle kan gjere feil? Nokre gjer kanskje det. Men mange gjer det ikkje. Mange gjer det heilt motsatte. Mange kjefter på seg sjølv. Fortel seg sjølv at dei er heilt håplause. Drar seg sjølv ned med negative meldingar. Kva er det med oss menneske, som gjer at me ikkje kan vere like snille med oss sjølve som me er med dei me har rundt oss?

Det er lov å vere snill med seg sjølv! Det er faktisk nødvendig å vere snill med seg sjølv. Dersom EG vil ha det bra, er det nødvendig for meg å vere snill med meg sjølv. Dersom DU vil ha det bra, er det nødvendig for deg å vere snill med deg sjølv! For det er jammen ikkje lett å ha det bra når ein "snakkar" negativt om og til seg sjølv heile tida. Når eit sjølvkritisk "EG" heile tida mater oss med negative meldingar, er det vanskeleg å vere glad og ha det bra. 

Det er lov å vere snill med seg sjølv! Det er nødvendig å vere snill med seg sjølv! Ikkje la eit sjølvkritisk "EG" få bestemme. Leit i deg sjølv og finn den rause "EG" (for den er der) og gje deg sjølv lov til å la den få komme fram. Gje deg sjølv lov til å lytte til kva den rause "EG" har å seie. Ikkje la den sjølvkritiske "EG" få vere "diktator" i livet ditt!🙂

"Vær forsiktig med hvordan du snakker til deg selv, for du hører det veldig godt." (ukjent)