2. okt, 2016

Eg kan sitje i stilla og kjenne at det er godt å vere til

Eg sit her i go'stolen min ein laurdag kveld. Eg har laptop'en i fanget og eg jobbar litt med fotosamlinga mi. TV'en er ikkje på. Radioen er ikkje på. Det er så stille. Men eg treng ikkje å vere redd for tankane mine. Ikkje i kveld. Det er stille, og eg likar det. Eg treng ikkje den forstyrrande bakgrunnsstøyen for å halde negativ tankespiral på avstand. Eg kan sitje her i stilla, halde på med noko som eg likar. Eg kan ha fokus og konsentrasjon på det. Dei negative tankane kjem ikkje. Akkurat no i kveld, så kjem dei ikkje. Eg kan ha det stille, og likevel ha kontroll over tankane mine. Det er fint. Det er eit framsteg for meg, det.

Eg kan sitje her ei kveldsstund i stilla - halde på med noko som eg likar, og eg kan kjenne at det er godt å vere til. 🙂