26. sep, 2016

Korleis vil du bere bagasjen din?

Det er ikkje vekta av bagasjen din som tynger deg, det er måten du ber den på.

Me har alle ein eller annan form for livsbagasje med oss. Hendingar, opplevingar, eit eller anna som har påverka kjenslene våre. Det treng ikkje å vere dei store, traumatiske hendingane. Ingen av oss er like. To menneske som har hatt ei tilnærma lik hending, kan oppleve, reagere og takle situasjonen på ulik måte. Det som for nokre påverkar kjenslene lite, kan for andre bli ei stor kjenslemessig påkjenning. Menneskesinnet er komplekst, og kjenslene våre har ulike grader. Det finnes ikkje fasit på korleis mennesket skal reagere kjenslemessig i bestemte situasjonar.

Men uansett korleis ein reagerer kjenslemessig på situasjonen, så har det hendt. Noko som HAR hendt kan ikkje viskast ut. Det går ikkje an å få det ugjort. Det som har hendt, det har hendt. Det vert ein del av livsbagasjen. Det er ein bagasje som det ikkje går an å kvitte seg med. Det er ein bagasje som har "sett" seg i menneskesinnet, i kjenslene og tankane. Den har "sett" seg i minnet. Den er med - resten av livet. Slik er det berre. 

Og det er nettopp det; slik er det berre. Fire ord i ein kort setning; SLIK ER DET BERRE. Det handler om å akseptere. Det handler om å slå seg til ro med at "Ja, det hendte og det påverka kjenslene mine. Hendinga/opplevinga påverka meg på ein måte som gjorde at livet ikkje vart slik som eg såg for meg at det skulle bli. Det kan ikkje bli ugjort. Så kva gjer eg då? Skal eg la det bli til sinne og bitterhet som skal gnage i meg resten av livet, eller kan eg gjere det som må til for å pakke om i livsbagasjen?"

Jada, der kom DEN igjen; kva skal eg velge.... Det handler faktisk om å ta eit valg. Så lett, og så vanskeleg. Det handler om å velge korleis ein vil pakke bagasjen for å gjere det lettare å bere den. For livsbagasjen - den har ein med seg resten av livet. Slik er det berre.

Aksepter. Pakk om. Gå vidare. Så lett. Og så vanskeleg. Vanskeleg, men ikkje umulig. Og det er ingen skam å be om hjelp til å pakke om. Det er ingen skam å innrømme at ein treng hjelp. Nokre treng hjelp frå eit profesjonelt hjelpeapparat. Andre treng hjelp frå vener eller familie. Begge delar er OK! Det viktigste er at du får pakka på ein måte som gjer at du går lettare i livet ditt! Når du går lettare, kjem du også lenger og lenger framover på vegen din!