22. sep, 2016

Ting tar tid, men det er mulig å få det til

Torsdag igjen. For meg betyr det at enno ei arbeidsveke er over. No har eg lagt bak meg seks veker som yrkesaktiv. Det er ei god kjensle! Det er fint å vere i jobb igjen. Eg trives med jobben i seg sjølv, og eg trives i lag med dei kollegaene eg har rundt meg.

Seks veker som yrkesaktiv. Det er ikkje berre lett. Eg har framleis nokre kroppslege sjukdomsplager som gjer at det ikkje er berre lett. Og dei psykiske helseutfordringane mine blir ikkje berre borte. Men eg kan leve betre med dei no. Eg har meir mental styrke. Eg er flinkare til å bruke dei kognitive teknikkane som den tidlegare psykologen min lærte meg. Eg kan plutselig legge merke til at det som skjer med tankar og kjensler, er det som psykologen min snakka om og minna meg på, igjen og igjen. Eg legg merke til at no har eg verkeleg teke det opp i meg på ein måte som gjer at noko av det faktisk er i ferd med å bli automatisert.

Ting Tar Tid - det tar tid å av-automatisere uhensiktsmessige tankemønster og handlingar, og det tar tid å automatisere hensiktsmessige tankemønster og handlingar.

Ting Tar Tid - men det er mulig å få det til. KulLiker