18. sep, 2016

Ingen er berre det du ser.

"Du ser så godt ut! Korleis er det mulig, når du har så mykje plager?"

Eg har fått høyre frå mennesker som slit med langvarige eller kroniske helseutfordringar, at dei får slike kommentarar. Eg har sjølv fått liknande kommentarar. Berre i løpet av den siste veka, har eg opplevd å få fine kommentarar om at eg ser så flott og sprek ut, at eg "vert yngre" sjølv om eg i alder vert eldre.Kul Eg er absolutt ikkje i tvil om at dette var oppriktig meint, og på mange måtar er det riktig.Kul Fordi eg gjennom veiledning og læring har utvikla meg som menneske. Og det har gjort at eg har greidd å ta nokre grep i livet mitt som er bra for meg.

Men det betyr ikkje at eg alltid er sterk og positiv, og takler helseutfordringane mine utan problem. 'Superwoman'.....? Nei! På ingen måte!

Tilbake til det eg opna dette innlegget med; "Du ser så godt ut".... Det stemmer sikkert, det. Både for meg og for andre. Når folk ser oss ute i ulike samanhengar, så ser me sikkert godt ut.KulOg kvifor det? For meg (og sikkert mange andre) handler det om at dei gongane helseutfordringane er spesielt vonde og krevande, så ser de meg ikkje der ute blant andre. VinkerDå treng eg gjerne ro og fred, eller eg er ikkje i stand til å delta i det som skjer der ute.

Eg veit at mange føler seg mistenkeliggjort av ein del mennesker som seier slike ting; "Korleis greier du det, du som har så mange plager?" Det KAN vere at det ligg negativ meining og mistenkeliggjering bak eit slikt utsagn - det KAN... Men det KAN også vere eit uttrykk for respekt og ei slags beundring -  for at ein greier å leve livet sitt med langvarige eller kroniske helseplager, utan å syte og klage for mykje.

Å føle seg mistenkeliggjort når ein i utgangspunktet er i ein sårbar situasjon helsemessig, vert sjølvsagt ei tilleggsbelastning. Eg veit at det kan vere lettare sagt enn gjort, men eg tenker at ein må heve seg over slike kommentarar som kan høyrast ut som om dei er negativt meint. Me kan jo ikkje styre kva andre skal tenke og meine, men me kan velge korleis me vil forholde oss til det. Eg har lært meg til å tenke at EG kjenner til mi verkelegheit og at det andre eventuelt tenker og meiner om meg, gjer dei faktisk på eit tynt grunnlagVinkerFordi det er mange minuttar, timar, dagar og månader av livet mitt der dei ikkje ser meg.Vinker

No skal eg skunde meg å legge til at eg ikkje har opplevd veldig mykje av å kjenne på mistenkeliggjering. Kul Men eg veit at det er mange som føler det slik.

Så eg avsluttar med å seie:

Så lenge ein sjølv kjenner si eiga verkelegheit og veit at andre si synsing og meining mangler fakta, skal ein ikkje måtte føle seg mistenkeliggjort.Kul

INGEN ER BERRE DET DU SER!