13. sep, 2016

Eg syns ikkje det er nødvendig å vere positiv absolutt heile tida

"Stå på! Ikkje gje deg! Dette greier du! Tenk positivt!" Ja. Eg er ikkje usamd i det. Ein kjem som oftast lengst med denne innstillinga. Det er eg samd i. Men... det er lov å gje litt etter for negative tankar og kjensler av og til. Det er lov å kjenne seg frustrert. Det er lov å tenke at ein er lei. Det er lov å bli sliten, og det er lov å vise det også!

Det kan vere ulike grunnar til at ein kjenner på dette. Det kan handle om stress i kvardagen, at ein skal nå over så mykje at det til slutt påverkar humør og sinnsstemning. Det kan også handle om langvarige eller kroniske helseplager, kroppslege eller psykiske. Plager som gjer at ein i ein eller anna grad alltid må mobilisere for å gå gjennom dagane.  

Eg syns at det må vere lov å tenke negative tankar. Av og til. Men ein må passe på at negative tankar ikkje tek opp all plassen. Og ein må passe på å jage dei vekk før dei slår rot. Eg syns også at det skal vere lov å synast litt synd på seg sjølv, av og til.  Det må vere lov å synast litt synd på seg sjølv av og til, ei lita stund. Men ein må passe på å ikkje la det få vekse seg stort. Får det for stor plass og for god tid til å setje seg i oss, kan det gå over i ein bitterhet som kan bli vanskeleg å komme over.

Det er ikkje nødvendig å vere positiv absolutt heile tida. Det syns i alle fall ikkje eg. Me rommer jo så mange ulike kjensler, og alle mulige slags greier kan dukke opp i tankane. Og eg trur at det er å lure seg sjølv dersom ein aldri vil vedkjenne seg negative tankar og kjensler. Fordi eg trur at alle har det i seg, og at det kan samle seg opp til ein "verkebyll" dersom me undertrykker det heile tida. Eg trur det er bra om ein tør å erkjenne dei negative tankane og kjenslene sine. Bli kjend med dei, vite at dei er der og kan dukke opp, og at det er heilt greitt. 

Eg trur ikkje på at mennesket er laga for å vere positiv absolutt heile tida.  Nei, det trur eg ikkje på! Mennesker som (tilsynelatande) alltid smiler, er strålande positive og berre ser lyst på alt, vert eg nesten litt skeptisk til. For eg trur ikkje på at mennesket er laga for å vere slik. Eg trur ikkje heilt på mennesker som viser ein overdreven positivitet.....🤨

Det er lov å ha negative tankar og kjensler av og til. Kanskje er det til og med nødvendig at ein kan tillate seg det av og til? Eg trur at me må gje oss sjølve lov til å bli kjent med den delen av oss også. Men ein må ikkje bli der. Ein må passe på å bevege seg vidare før det negative slår rot i oss.

Eg syns at det er lov å vere litt negativ av og til. Slepp det til, kjenn på det, bli ferdig med det, og gå vidare. 🙂