10. sep, 2016

Vis at du ser. Vis at du lyttar. Vis at du bryr deg.

Lørdag 10.september er Verdensdagen for sjølvmordsforebygging. Årets tema er: "Vis at du ser - Vis at du lytter - Vis at du bryr deg" ❤

Sjølvmordstankar. Sjølvmord. Vanskeleg tema. Tabubelagt tema. Eg har lese at det ikkje er uvanleg å vere innom slike tankar ein eller anna gong i løpet av livet. Det er sikkert ein del av dykk som les dette som kan kjenne seg igjen i det.

Sjølvmordstankar -

*å vere innom slike tankar fordi ein er sliten, frustrert og oppgitt.

*å tenke slike tankar fordi ein har det så vondt psykisk at tilværet er heilt utan fargar, det er så mørkt at ein ikkje kan sjå den verkelege verda, ei indre smerte vert så altoppslukande at det einaste ein ønskjer er å få kvile og fred frå den.

Det er forskjellen. Sjølvmordstankar som oppstår fordi ein kjenner inni seg livet og verda rundt ein mister meining, sjølv om dei som står utanfor ser at dette ikkje er riktig... slike sjølvmordstankar er alvorlege. Slike sjølvmordstankar handler ikkje om å berre vere sliten, frustret og oppgitt. Slike sjølvmordstankar er oppriktige. Dei handler om at eit menneske har det så frykteleg vondt, at dette mennesket ikkje greier å bære smertene sine lenger og søkjer kvile og fred i døden. Eg har lese ein kommentar knytta til det lidelsestrykket som alvorleg depresjon kan gje. Eg hugsar ikkje kvar eg las den eller kven som hadde uttalt det, men eg syns det var ei god skildring: "Å overleve psykisk lidelse er som å komme tilbake fra helvete."


Mange omtalar sjølvmord som ei egoistisk handling. Eg kan forstå at ein tenker sånn. Det er jo dei som sit igjen som må kjenne på sorg og kjensle av hjelpeløyse. Men... det er så lett å meine at det er eit egoistisk valg når ein står på utsida. Ingen kan kjenne på andre si indre smerte, men om ein prøver å forstå litt av kor vondt det kan vere, at det faktisk kan vere så vondt at eit menneske velger døden for å bli smertefri...kanskje, ja kanskje kan ein då vere litt mindre streng i tankegangen sin og berre seie at sjølvmord er ei egoistisk handling...?

"Livet og døden går hand i hand, er knytta saman med usynlege band. Me skal alle ut på den siste ferda som tek oss bort frå denne verda. For mange er døden sorg og krise. For nokre kan den vere ei lise. Når livet vert utan tru og von, kan ein lengte mot livets endestasjon."

Ingen kan kjenne andre si smerte, og ingen kan lese andre sine tankar. Men - me kan sjå. Kanskje kan me prøve å sjå litt meir av og til? Ta oss tid til å verkeleg sjå eit anna menneske? Ta oss tid til å vere ein lyttar? Vise at me bryr oss?

Ingen er berre det me ser. Av og til er det nødvendig å sjå litt lenger inn i eit menneske, lese mellom linjene.

Vis at du ser. Vis at du lyttar. Vis at du bryr deg. Det kan redde liv.❤🙂