6. sep, 2016

Motbakkar gjer sterk, men ein kan også gå seg tom.

Ein vert sterk i beina av å gå i motbakkar. Det er i alle fall det eg har blitt fortalt. Og det er jo fint. Men det er slitsomt også. Det er slitsomt når det er nesten berre motbakkar ein møter. Når det berre er ein og annan kort strekning der det flater ut litt før ein igjen må ta fatt på ein motbakke, så vert det slitsomt. Kortid skal musklane då få restituere seg? 

Ein kan verte sterk av å gå i livets motbakkar. Å komme seg opp gjev ei god kjensle av mestring. Men det kan vere slitsomt også. Det er slitsomt når ein føler at vegen i livet har nesten berre motbakkar. Når ein har oppleving av at det som er av lettare strekningar er både få og kortvarige. Når det er ikkje nok av slike strekningar til å hente seg inn igjen og samle overskudd. Når ein opplever ein ny motbakke framfor seg, utan å ha fått nok av nye krefter. Ein kan greie å komme seg opp likevel. Ein kan greie det ved hjelp av det mentale. Motivere seg sjølv ved hjelp av tankane sine ---> fokus på mestring og ikkje begrensningar. Det er mulig. Men...kor lenge kan ein greie å "pushe" seg sjølv ved hjelp av mental motivasjon? Når det kjem motbakke etter motbakke som ein kjempar seg opp utan at det eigentleg er krefter til det? Utan at ein får restituert og fylt på med energi? Svaret gjev seg vel sjølv? Når ein berre brukar og brukar krefter utan å få restituert og fylt på med nye, så vil ein til slutt komme til eit punkt der det er tomt...tomt for overskudd...tomt for energi...tomt for krefter. Då kan ein lett miste motet, når ein ikkje ser noko anna framfor seg enn enno ein motbakke.

Motbakkar og motgang - ein kan vekse på det. Bli sterk.  Men ein kan også gå tom, dersom ein ikkje får nok kvile, restituering og påfyll undervegs.