4. sep, 2016

Eg er heldig. Eg har min vesle storfamilie.

Eg tenker på at eg er heldig. Etter ein veldig kjekk kveld saman med den vesle storfamilien , tenker eg på at eg er heldig. Eg har både små og store som bryr seg. Og eg bryr meg om dei. Me har det så kjekt saman når me samlast - humor og latter, leik og moro. 🙂Sjølv om eg er åleinebuar og ikkje har eit typisk A4-liv, så har eg den vesle storfamilien min. Sjølv om eg er åleinebuar, så er eg ikkje einsam. For eg veit at eg HAR nokon. Det ER nokon der.🙂

I kvardagslivet der alle har sitt å halde på med, går det gjerne ei stund mellom dei gongane me møtes. Men me ER der for kvarandre likevel. Me stiller opp for kvarandre. Me hjelper og støttar kvarandre. Det ER alltid nokon der, når me treng det. Og så har me det så kjekt saman. Eg veit at det finnes mange som ikkje har det slik....

Difor, etter ein kjekk kveld med mine, tenker eg på at eg er heldig. Eg er heldig, fordi eg har nokon som er der for meg. Og eg er heldig, fordi eg har nokon som EG kan vere noko for også.❤