31. aug, 2016

Å akseptere dagen som den er.

Eg har lang erfaring i å oppleve at menneskesinnet rommer all slags kjensler og at det kan vere store kontrastar frå den eine dagen til den neste. Eg har etterkvart også fått ein del erfaring på at kroniske kroppslege plager kan vere ulike frå dag til dag. Men eg sluttar liksom ikkje å bli fascinert over at kropp og sinn kan fungere slik. Den eine dagen er ein trøtt og sliten, har smerter, kjenner på tristhet og oppgitthet, og ein vil berre gøyme seg vekk litt og få vere i fred. Neste dag kan ein føle seg opplagt, ha mindre smerter, kjenne på livsglede og takknemlighet, og ha glede av å vere saman med andre. Og mange gongar er det slik at dette berre skjer. Det er i alle fall slik det kan opplevast - at det berre skjer utan at ein sjølv har gjort noko for at det skal endre seg frå dag til dag. Det er det som fascinerer meg. Og ei klok dame har lært meg til å tenke slik på det, at dette skjer av og til og det er ikkje alltid nødvendig og/eller hensiktsmessig å forstå kva som skjer eller kvifor det skjer. Eg trener framleis på det - å akseptere utan at eg nødvendigvis må forstå. Eg trener - mental trening - og eg vert flinkare og flinkare.😉 Eg opplever at det gjer det lettare for meg å tåle vanskelege og tunge dagar. Eg sparer meg sjølv for grubling og negative tankekarusellar. Eg sparer meg for leiting i meg sjølv, som kan føre til at eg pirkar borti gamle sår i sjela mi. Og eg opplever at eg kan setje meir pris på dei gode dagane, utan å stå fast i den vanskelege dagen som ligg bak meg eller bekymre meg for kortid neste vanskelege dag kjem.

Når eg aksepterer, kan eg vere i det som er akkurat den dagen, enten det er ein god dag eller ein dårleg dag. Og så kan eg gå vidare etterpå.