29. aug, 2016

52 000 besøkjande på heimesida tyder på at det eg formidlar er av interesse.

Eg loggar meg på heimesida mi ein sein kveld. Eg ser at akkurat no (når eg skriv dette) har den hatt 52 000 enkeltbesøk!

Det er ca. 14 månader sidan eg tok steget og laga denne heimesida. Eg har tilegna meg mykje kunnskap gjennom ein lang "karrière" som brukar av psykisk helsehjelp. Eg har lært mykje om menneskesinnet, både mitt eige og meir generelt. Det har vore ei lang og smertefull utdanning. Eg er kanskje ikkje heilt der at eg kan seie at eg ikkje ville ha vore det foruten, men eg hadde nok ikkje vore den eg er i dag utan å gå gjennom denne lange og smertefulle prosessen. Eg har heilt klart blitt ein sterkare og tryggare person.

Eg har fått høyre ein del gongar, av ulike behandlarar, at eg burde gi ut bok - at eg burde dele mine erfaringar på vegen mot betring, fordi det ville hjelpe andre. Men for meg var det heilt utenkelig - fram til for nokre månader sidan. Eg har ingen konkrete planar, men det er ikkje lenger heilt utenkelig.

Etter ein modningsprosess over tid, tok eg altså eit steg i retning av å bruke erfaringskompetansen min på ein måte som kunne vere til nytte for andre enn meg sjølv. Og slik starta det med denne heimesida, for ca. 14 månader sidan. Og det er jo tydeleg at det er folk innom her og les litt. Nokre ser kanskje mest i fotoalbuma, men det er nok ein del som les litt av det personlege eg skriv også - 52 000 enkeltbesøk! Det er ikkje i nærleiken av det mange som andre bloggarar kanskje har, med 100 000 på ein månad og sånn...

Eg er ikkje akkurat så oppteken av å få store besøkstal, men med ein slik besøksteljar får eg ei stadfesting på at det finnes folk som les og ser det eg formidlar. 52 000 besøk tyder på at det eg formidlar har interesse for mange fleire enn meg sjølv.

Så takk til alle som er innom, og særskilt takk til faste følgjarar! Eg håpar at nokre kan finne nytte i det eg deler og få litt hjelp til å komme vidare på sin veg.😀