26. aug, 2016

Mestring - ei god kjensle

Etter nokre år med helseutfordringar som har hindra meg i å fungere i arbeidslivet, kjennes det veldig godt å vere yrkesaktiv igjen. Og ikkje berre det å vere i arbeid, men det å kjenne på at dette mestrer eg. Mestring er ei god kjensle. 

Heilt sidan eg vart råka av psykisk sjukdom for første gong for litt over 20 år sidan, har eg hatt arbeidsgivar, einingsleiar og kolleger som har gjort det dei har kunna for å støtte og tilrettelegge slik at eg har greidd å ha funksjon i jobben i ein eller anna grad gjennom alle desse åra. Likevel nådde eg til slutt eit punkt der eg ikkje var i stand til å fungere tilstrekkelig lenger. Men nettopp fordi eg har fått så god tilrettelegging og hatt ei så god støtte og oppfølging, greidde eg å fungere så lenge. Det å ha ein eller anna form for funksjon og kontakt med arbeidsplassen har hatt enormt stor betydning for meg. Dersom arbeidsgivar og einingsleiar hadde vore passive og ikkje brydd seg med å vise interesse for meg som arbeidstakar og enkeltmenneske, er eg overtydd om at eg ville ha "ramla" ut av arbeidslivet for godt for mange, mange år sidan.

Når tilbakeslaget som kom for nokre år sidan gjorde det for vanskeleg for meg å fungere i jobben, til tross for all tilrettelegging og oppfølging, var det likevel ikkje slutt på tida som yrkesaktiv for meg. I samarbeid med arbeidsgivar og hjelpeapparat, kom eg ganske raskt i gang på vegen mot å skulle bli yrkesaktiv igjen. Eg fekk sjølv vere med på å finne ut av kva veg og i kva retning eg ville prøve å gå. Og saman greidde me å finne ein veg.

Eg er i gang. Eg kjenner at eg går ganske stødig. Eg kjenner meg trygg. Eg har arbeidsgivar, einingsleiar og kollegaer som "speler på lag" meg meg langs denne vegen også. Eg får jobbe med det eg likar aller best, men på ein litt anna måte enn før. Å forlate èin veg og starte på ein ny, har vore krevande. Støtte, tilrettelegging og oppfølging har vore bra og svært viktig. Men all mulig støtte og hjelp ville ikkje ha vore nok om ikkje eg sjølv hadde vore villig til å prøve meg fram på ein veg i ei litt anna retning. 

Støtte. Tilrettelegging. Oppfølging. Og, ikkje minst; samarbeidsvilje frå begge partar.

Det fungerer. Det har i allefall fungert for meg. Eg kjenner meg både takksam og heldig. Eg kan vere i arbeid. Eg får arbeide med det eg likar aller best, men på ein litt anna måte.

Det kjennes godt å vere yrkesaktiv igjen. Det kjennes godt å mestre denne jobben.

Mestring er ei god kjensle.