24. aug, 2016

Å vere menneske er både godt og vondt.

 

"Du spør meg kanskje om det er godt eller vondt å vera menneske. Veit du kva eg svara da? Eg svara ja!" ( Olav Duun)

Ja, slik er det. Å vere menneske er ikkje berre godt. Livet er ikkje alltid godt og bra. Men å vere menneske er heller ikkje berre vondt. Livet er ikkje alltid vanskeleg og vondt. Det går opp og ned. Mennesket sine kjensler har mange nyansar og mange grader. I livet møter me både gode og vonde ting. Me vert eksponert for både gode og vonde situasjonar. Me vil møte både gode og vonde opplevingar gjennom livet. Og kjenslene våre vil reagere på slike opplevingar. Me kan ikkje styre livet vårt til å vere akkurat slik som me vil. Livet skjer - på godt og vondt. Livet kan snu frå tilfredshet og glede til tristhet og sorg. Og det kan (og vil som oftast) snu igjen frå tristhet og sorg til tilfredshet og glede. Slik er det å vere menneske. Det går opp og ned. Det må me berre leve med. Det som er viktig, er at me kan setje pris på og glede oss over det gode når det er der, og at me ikkje mister motet og gir opp når me møter det som er vondt. Og det som er fint, er at det er mulig å lære seg til å gjere akkurat det. Det er mulig å trene seg opp til å velge kva for tankar som skal få fokus. Når me er i det gode, kan me velge å ikkje tenke så mykje på det vonde og vanskelege som kan komme. Me kan velge å ha fokus på det gode som er, her og no. Når me er i det som er vanskeleg og vondt, kan me velge å akseptere at slik er det akkurat no. Me kan velge å fokusere tankane våre på at dei vonde kjenslene me kjenner på i ein gitt situasjon, kjem til å bli mindre vonde. Dei vonde kjenslene vil miste styrke, litt etter litt. Slik er det i allefall for dei aller fleste av oss. Og det veit me jo eigentleg. Innerst inne veit me dette. Men når me står i det vonde, er kjenslene våre så mørke at me liksom gløymer det. Men innerst inne veit me det. Og det er mulig å trene seg opp til å finne denne kunnskapen i seg sjølv. Det handler om tankar og fokus. Når kjenslene er mørke, vert tankane også prega av det. Men det er mulig å trene seg opp til å hente fram meir realistiske tankar; "dette kjem til å gå over." For det veit me jo. Innerst inne veit me det.
 
Å vere menneske er både godt og vondt. Fordi livet skjer, på godt og vondt.