20. aug, 2016

Ingen dagar er heilt like.

På dagar der ein av ulike grunnar ikkje greier å gjere ting som ein har lyst til, er det veldig lett for å "svartmale" situasjonen. Det er veldig lett for å synke ned i negative tankar. Me mennesker har ein tendens til å tenke oss fleire dagar framover i tid i slike situasjonar, og då kjem kjensla av håpløyse. Me er visst også laga slik at når me vaknar neste dag, så held me fram med å tenke på det som ikkje vart gjort i går. Vårt indre "eg" kjeftar på oss for det me ikkje fekk til, seier til oss kor udugelege og svake me er som ikkje greidde det. Å starte ein ny dag på den måten, er jo ikkje noko motiverande. 

Dersom me kan greie å legge frå oss ikkje-mestring frå dagen før, og fokusere på korleis me eigentleg har det i dag, akkurat NO, vil me kanskje komme fram til at dagen i dag kjennes annleis...? Kanskje vil me kjenne at det som ikkje var bra i går, er betre i dag...? Kanskje er dette ein dag for mestring - mestring på områder som me i går ikkje var i stand til å mestre...?

Dagen i går har gått. Den kan me ikkje endre på. I dag er det ein heilt ny dag. Fokuser på den. Fokuser på deg sjølv og ditt funksjonsnivå i dag, akkurat her og no! 

Fordi... ingen dagar er heilt like. Kul