18. aug, 2016

Ha ein fin dag....(?)

Eg har registrert at nokre mennesker har byrja å seie "Lag ein fin dag" i staden for å seie "Ha ein fin dag." Det likar eg!

"I dag vakna eg til ein dårleg dag." Nokon som kjenner seg igjen i det utsagnet? Det er eg ganske sikker på at mange gjer. EG har i allefall brukt desse orda mange, mange gongar. Men... er dette rett? Det er jo ikkje det. Når eg vaknar kan eg ha 'dårlege' kjensler. Eg kan kjenne på tunge kjensler som gjer at eg ser mørkt på dagen som ligg framfor meg. Tunge kjensler--->negative tankar.

På grunn av det eg kjenner inni meg, berre konstaterer eg at dagen er (og vert) dårleg. Eg har på ein måte gitt opp, utan at eg eigentleg har møtt dagen. Eg har gitt løyve til at dagen skal vere dårleg. Eg gir meg sjølv lov til å synke ned i negativitet. Og med eit slikt utgangspunkt, legg eg vel opp til at dagen faktisk vert dårleg... Sant?

Kven sitt ansvar er det å få dagen til å opplevast som fin og god? Det er mitt eige ansvar, det! Det er EG som må ta grep og gjere noko for at eg skal få ein dag som kan opplevast som fin og god. Dersom eg berre er passiv og håpar på at noko bra skal skje, at nokon andre skal presentere noko kjekt og positivt for meg som vil gjere dagen god, då er sjansen veldig stor for at eg vert skuffa. Dersom eg vaknar med 'dårlege' kjensler, er det mitt eige ansvar å ta grep og finne på noko som hjelper meg med å skifte fokus. Det er mitt eige ansvar å oppsøkje noko som kan gje positivt og godt påfyll, slik at det tunge og negative får mindre plass i meg.

Mange gongar vil det jo sjølvsagt dukke opp kjekke hendingar og kjekke mennesker som kan dra oss med, slik at me får eit skifte av fokus. Men om me berre sit og ventar og håpar på at det skal skje i staden for å ta ansvar sjølv, vil det bli mange skuffelsar. Og tenk på kor mykje tid me kastar bort.... Vente og håpe... Vente og håpe....

"Det er din veg. Berre din. Andre kan gå den med deg. Men ingen kan gå den for deg."

EG har ansvar for å gjere det som er bra og riktig for meg. EG må ta nødvendige grep for mine dagar. Eg treng ikkje alltid greie alt åleine, men det er EG som har ansvar for meg, mine dagar og mitt liv.

"Venter du på at andre skal ta trekka for deg i livet, er det lett for å bli slått sjakk matt."

Lag deg ein fin dag ut i frå dei forutsetningane du har!🙂