15. aug, 2016

Ein ny veg - no er eg i gang. Det kjennes bra, og det gjer meg glad.

No er eg i gang. Eg har starta på ein ny veg. I dag starta eg på den nye vegen for alvor. Det kjennes bra. Det kjennes riktig. Eg kjenner meg trygg. Eg har tru på at eg skal greie å halde riktig kurs framover på denne vegen. Eg har ingen garanti for at det berre skal gå lett og rett fram. Eg veit det. Men eg startar på vegen med trygge og stødige steg. Eg startar på vegen med ei god kjensle og med ei positiv innstilling. Og det er jo eit veldig godt utgangspunkt!

Eg er ferdig arbeidsavklart. Siste meldekort til NAV er sendt. Eg er ein arbeidstakar igjen. Eg er yrkesaktiv igjen i ein stillingsprosent som eg har tru på at eg kan greie å mestre. Eg er i jobb, og får løn for den jobben eg gjer!🙂Det kjennes bra. Eg har jobba meg fram mot denne sigeren. Eg har jobba hardt med mitt eige indre for å nå fram hit.

No er eg i gang. I dag starta eg for alvor på den nye vegen. Det kjennes bra. Det kjennes riktig. Eg kjenner meg trygg. Og det gjer meg glad!🤩